Roald Kaldestad: To hundre og sekstini dagar

269 dagarIllustrert av Bjørn R. Lie

To hundre og sekstini dagar med regn.
Han ser lauvet falla som kalenderark frå trea.
To hundre og sekstini dagar.
Og kvar gong det regnar, saknar han sin beste ven.

Dei vaksne trur at han har influensa. Men det er ikkje derfor han ligg på sofaen med boka si. Det er som om regnet har flytta inn i tankane, og han kjenner seg heilt åleine. Det var alltid bestevennen Lena som kom med solskinet og dei glade tankane. No har ho vore borte i to hundre og sekstini dagar. Det har regna like lenge. Det hadde vore fint å ha ein katt som krølla seg saman i fanget hans, men det har han ikkje. Dei små hemmelege meldingane som kjem i posten er det berre han som skjønar. Ho har ikkje gløymt han. Han tenkjer på alt det fine og kjekke dei gjorde i lag. Og så var det dette evinnelege regnet.

Ein dag er himmelen blå, og det står ein gul bil parkert utanfor det tomme nabohuset. Ut av bilen klatrar ei jente. Ho held ein katt forsiktig i armane. Heilt inntil kinnet.

To hundre og sekstini dagar er ei biletbok for barn i skulealder, helst som høgtlesingsbok. Temaet er vennskap, sakn og einsemd, men også nytt håp! Illustrasjonane har ein avdempa fargebruk og kler teksten svært godt. Teksten er gjennomarbeidd og tidvis poetisk. Med sitt stillferdige vesen klarer boka både å framstille det store saknet, men også å trøyste og varme. Å lese denne boka er som å få ein mjuk katt som krøllar seg saman i fanget ditt.

Det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor boka vart nominert til «Årets vakreste bøker 2015».