Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Janne Marit Øye: Snøhumla Mille

Snøhumla MilleKorleis det er å vere eit bittelite dyr, dét er vel eit tankeeksperiment som kven som helst kunne ha hatt godt av å gjere. Ei forteljing som denne om humla Mille kan òg fort kome til å setje i gang produksjon av spørsmål rundt humlene, som korleis og kor lenge dei lever og slike ting.

Den vesle humla Mille er ei lita humle som tek ting som dei kjem. Først har ho det veldig godt, og det kan vi sjå på bileta òg, for skyene på himmelen er rosa, og Mille har verdas søtaste diett, og ho surrar hit og dit mellom blomane og kan ikkje få nok. Og blomane på bileta er veldig fine, og blomsterknoppane er ekstra fine. Når det blir kveld, legg ho seg i bolet sitt, som er ei lita hole under eitt av dei store marikåpeblada.

Boka om Snøhumla Mille er debutboka til Janne Marit Øye, og er illustrert av Anne Angelshaug. Forteljinga er ei triveleg og engasjerande bok for barn i barnehagealder, med ein litt lur og overraskande slutt.

Det er definitivt ikkje berre rosa skyer i denne boka, for etter kvart blir det haustleg, og det regnar, og då er det plutseleg berre snigelen som kosar seg, og vi forstår at Mille er forvirra og at ho ikkje veit kva som skal skje med henne, i tillegg til at det blir surt og kaldt.

Men det ordnar seg faktisk for Mille, for ho finn ein venn som bryr seg om henne og som reddar henne, og dessutan blir Mille redda på ein litt naturstridig måte, og det gjer at ho som ein ekstra bonus får høve til å setje ei menneskedame si snusfornuft i eit dårleg lys.

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6