Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Rune Belsvik: Verdas søtaste turist

Verdas søtaste turistIllustrert av Inger Lise Belsvik

Bidger og Esmiluni elskar kvarandre framleis, og like høgt, i denne tredje forteljinga frå Bløygen kommune. Men Bidger har begynt å drøyme om noko meir. Han drøymer om å bli far. Det finst ikkje barn i Bløygen. Ingen veit korleis dei blir til. Så Bidger lyt gå til Bøttefanten i Trøbbelkiosken. Han veit det heller ikkje, men han har ei bok med instruksar og forklaringar.

– Du må ha hår under armane.
– Det har eg. Er det alt?
– Nei, du må finna ei dame som også har hår under armane.
– Esmeluni barberer alltid bort håret sitt, ho.
– Det gjer ikkje noko. Det viktige er at det har begynt å veksa hår der.
– Men korfor må eg blanda Esmiluni opp i det?
– Det står i boka.
– Ja, men eg har budd lenge i lag med Esmiluni. Vi har ikkje nokon unge likevel.
– Nei, de må gni dykk.
– Gni oss?
– Ja, du må putta tissen din inn i tissen til Esmiluni, og så må de gni dykk til de ikkje orkar meir.
– Er det alt?
– Ja.
(…)
– Men viss Esmeluni ikkje vil?
– Da blir det ingen unge.

– Eg har prøvd å skrive den boka eg skulle ynskje fanst då eg var ni år og ikkje forstod. Dei vaksne hadde noko hemmeleg. No veit eg at dette hemmelege er noko av det viktigaste mellom menneske. Eg tar meg sjølv på fanget og prøver å forklare niåringen eg var, kva det er. Og kor fint det kan vere.

Slik fortalde Rune Belsvik om Verdas søtaste turist under ein samtale på Nynorsksenteret sitt kurs for nye lesegledarar tidlegare i vår. Og så las han. Scena der Bidger og Esmiluni prøver å lage eit barn for første gong. Vakkert, men humoristisk, direkte, men forsiktig skildrar han korleis dei opplever det. Dei likar det godt, begge to, og prøver snart igjen!

Kategoriar

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12