Aina Basso: Finne ly

Finne_lyNoko slikt som dette kan godt ha funne stad ein gong midt på 1800-talet: Hanna, ei ung romanikvinne, kjem åleine til ein gard som ligg litt avsides til, etter å ha rømt frå tukthuset i Christiania. Ho bankar på døra og spør folket som bur der om dei treng hjelp i huset. Det gjer dei, så ho flyttar inn til dei, og så er det å gå på med krum hals, for tre karar har budd åleine der i lange tider etter at mora i huset gjekk bort.

Finne ly er ein slik historisk roman som kastar lys over generelle tilhøve slik ein veit at dei faktisk var, gjennom fiksjon. Det blir fokusert tett på to eg-forteljarar, og då blir så klart det meste i boka oppdikta. Men historikar Eilert Sundt, som er sitert innleiingsvis og som og får siste ordet, han har jo eksistert, og resten kunne ha vore heilt sant, for her er det ingen anakronismar. Romanen er basert på eit grundig historisk førearbeid.

Det aller finaste med denne romanen er kanskje den konkrete og nesten sindige språklege framstillinga. Det historiske medvitet og måtehaldet er nok med på å skape eit slikt inntrykk, men det er og ein poetisk dimensjon i det. Det kjem slike sterke setningar ut av det blå, og du må lese ganske roleg, fordi det er så mykje fint å stoppe opp ved.

Forteljingane til to samansette personar er fletta inn i kvarandre: Hanna si, og så Johannes, yngste sonen si forteljing. Begge personane har ting ved seg som dei må gøyme for dei andre. Det startar der Hanna kjem til garden, og blir fortalt ganske rett framlengs og meir springande baklengs. Mellom dei to som fortel, utviklar det seg ei kjærleikshistorie som vi heile tida ser frå dei to ulike vinklane. Karakterutviklinga til Johannes er spennande i seg sjølv, og dreg deg fram nesten på eiga hand. Det er ein intens tekst å opphalde seg i, på ein god måte.

Utdrag frå boka: