Ingunn Røyset: Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen

Dei et ikkje sjokoladepaalegg i krigen– Eg er ikkje meg. Eg er mormor. Då ho var lita. Då det var krig.

Dagny innser tidleg ein morgon tidleg i denne forteljinga at noko underleg har hendt om natta medan ho sov. Då ho la seg om kvelden var ho sint og lei seg etter ein krangel med mor si. Dei har flytta til mormor, for å hjelpe ho etter at morfar døydde. Men no når dei bur der, får ho ikkje ete sjokoladepålegg hjå mormor lenger. Dumme mamma! Dagny legg seg i mormor si gamle seng. Då ho vaknar, luktar det hest i huset. Ein katt murrar ved føtene hennar. Ho har mormor sin gamle luciakjole på seg. Dagny har vakna i ei anna tid. Ein vintermorgon i 1945.

Mange av oss har vakse opp med forteljingane om krigen tett rundt oss. Sjølv hugsar eg nabokona, Helga på Seljebakken, som eg stadig stakk innom. Vi sette oss ved kjøkkenbordet, eg fekk nokre bitar med kokesjokolade og så fortalde ho frå krigen. Om tyskarane som leita etter desertørar på setra der ho mjølka saman med tantene mine. Dei var på veg heim med fulle mjølkespann, og kvilte på Reset. Plutseleg såg dei glimta av sol som vart reflektert i dei blankpussa svarte støvlane, eit varsel om at soldatane kom … Når eg la meg om kveldane etter besøka på Seljebakken, var eg stiv av skrekk, eg var sikker på at det stod ein tysk soldat med gevær og svarte støvlar i det største klesskåpet på rommet mitt.

Eg såg alt så levande for meg. Det gjer Dagny også, når mormor fortel. Men ein morgon vaknar ho, ikkje som seg sjølv, men som mormor. I krigen. Med håplause klede, ekkel skulemat, rampete gutar og jenter som plagar. Heldigvis har ho mormor si venninne Belinda. Og katten Rikka. Soldatane marsjerer i gatene utanfor skulen, oldemor og oldefar hjelper motstandsfolk over til England, tyskarane gjer husransaking etter radioar. Alle er redde og det er ikkje ei skive med sjokoladepålegg å få.

Forfattar Ingunn Røyset fortel to viktige kjelder i arbeidet med boka har vore Reidun Øvrelid Røyset og Betty Olsen Mjeltevik. Med sjølvopplevde historier frå Reidun og Betty som vaks opp under krigen, har Ingunn Røyset skrive historia om ei jente frå våre dagar som får oppfylt ønsket om å oppleve krigen. Men Dagny angrar snart ynsket sitt, trass i nye erfaringar og gode venskap, ikkje minst med han som skal bli morfaren hennar!

Tida går. Vi mistar dei som kan dele eigne opplevingar frå ein barndom i krigsåra med nye generasjonar. Med denne boka kjem lesaren så nært innpå kvardagslivet under krigen som det går an å komme, for ein tiåring i dag. Bursdag i bowlinghallen blir det ikkje noko av for Dagny, for når ho vaknar i si eiga tid, fortel mormor at ho har vore svært sjuk og hatt høg feber. Bursdagen er over. Men skive med sjokoladepålegg skal ho få! Har ho berre drøymt alt? Den som les kan tru som han vil, historia er sannferdig og spennande og godt fortald.

Utdrag frå boka: