Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Lauren Child: Det nye, vesle mennesket

Det_nye_vesle_mennesketOmsett av Runar Dahle

Forfattaren av bøkene og barne-TV-serien om Charlie og Lola har kome med ei usminka og fin forteljing om det å få småsøsken.

Elmore Green er einebarn og har sitt eige rom. Han kan stille opp alle leikene sine på ei lang rekkje, akkurat som han vil, utan at nokon flyttar dei ein einaste millimeter. Han kan ete gelebønnene frå onkel Cecil heilt åleine, og treng ikkje bekymre seg for at nokon skal ete dei oransje. Men ein dag dukkar det opp eit lite menneske i familien. Det er uvant, og Elmore synest det verkar som om dei vaksne likar det vesle mennesket betre enn dei likar Elmore, sjølv om babyen beljar og rotar til leikene hans. Når det vesle mennesket veks til, sleikar det til og med på dei oransje gelebønnene hans! Men foreldra til Elmore seier at det er ikkje mogleg å levere det vesle mennesket tilbake dit det kom frå. Dei seier til og med at Elmore ikkje kan bli sint, for det vesle mennesket er jo så lite. Det blir verkeleg uuthaldeleg når det vesle mennesket startar å dilte etter Elmore overalt, og attpåtil flyttar senga si inn på rommet hans.

No var det umogleg for Elmore å komme seg bort frå det. Heile tida var det der og glodde på han. Nokre gonger strekte det ut armane sine og sa: Vil ha kos! Men Elmore var ikkje interessert i å sitje og kose med små menneske.

Ei natt endrar alt seg. Elmore har mareritt, og det vesle mennesket kjem opp i senga hans og slengjer seg om halsen hans. Det er fint å ha nokon der i mørket når spøkelsa driv og herjar.
Kanskje det vesle mennesket ikkje er så verst likevel? Kanskje ein både kan leike i lag og sjå på TV saman, og til og med dele gelebønnene?

Det føltes godt å ha nokon der som forstod kvifor ei lang rekkje med ting var SÅ spesielt.

Det nye, vesle mennesket heiter forresten Albert. Forfattar og illustratør Lauren Child har på ein snedig måte klart å skildre avstanden mellom Elmore og veslebroren ved å ikkje avsløre verken kjønn eller namn på Albert før mot slutten. Illustrasjonane minner om serien om Charlie og Lola, og på same måte som der viser ikkje Child oss ansiktet til dei vaksne. Den vaksne er der, men forteljinga er fullt og heilt om og med barnet.

Det tek tid å venje seg til ein ny familiemedlem, og det gjer godt å lese om nokon som opplever noko av det same som ein sjølv. I barnehage- og småskulealder er det nettopp mange som vert storesøsken, og denne boka er ein hjartevarm og humoristisk inngang til å snakke i lag om dette.

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
Frost
3–6
3–6
3–6