Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Magnhild Bruheim: Motorsykkelmysteriet

MotorsykkelmysterietOpplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 7–17)

– Stian og Stine. Namna passar saman. Vi kunne vore tvillingar. Kanskje mange trur vi er det. Stine såg prøvande bort på Stian.

Slik startar den første boka i spenningsserien om Stian og Stine. Begge er 12 år gamle og bur i det same huset, fordi mor til Stine og far til Stian er kjærastar og har flytta saman. Den nye familien skal lære seg å leve saman, og det er ikkje alltid like lett. Stine vil gjerne at også storesøstera til Stian, Malin, skal like henne. Stine synest ikkje det er lett å bli klok på henne, og lurer på kvifor Malin er så sur.

Ein kveld skjer det noko mystisk og farleg i nabolaget: Ein gut vert påkøyrd av ein motorsyklist. Stian og Stine oppdagar at begge likar å løyse mysterium, og tek saka. Dei neste dagane får dei oppleve meir spenning enn godt er, og vennskapen deira vert utfordra.

Boka har ein fin balanse mellom det skumle, familieutfordringar, vennskap, empati og samfunnsengasjement. Har til dømes mysteriet noko å gjere med den nye leiren i skogkanten, der det bur fleire familiar frå romfolket? Eller er medlemmer i motorsykkelklubben innblanda? Boka stiller mange spørsmål, men det er opp til lesaren å sjølv gjere seg opp ei meining om kva som er rett og gale. Kor mykje skal ein tore å seie til andre? Er det lurt å halde på alle hemmelegheiter? Korleis veit ein kven som er til å stole på, og kven som vil lure ein?

Motorsykkelmysteriet er ei spenningsbok for lesarar frå 10 år og oppover. Det er lett å bli hekta, og vanskeleg å leggje boka frå seg før mysteriet er oppklara. Det kjem heldigvis fleire bøker om Stian og Stine og alle mysteria dei rotar seg opp i.

– Eg har lyst til å finne på nye spennande ting å skrive om. Stian smilte breitt. – Men da treng eg deg på laget. Du er detektiv, og eg er journalist. Er du klar for nye oppdrag?
– Kva då? Stine såg spørjande på han.
– Eg er sikker på at det snart kjem til å skje noko mystisk, sa han. – Noko som kan bli like skummelt som det vi har opplevd nå. Eg kjenner det på meg.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

krim
9–12
9–12
9–12