Leseland

leselandUndringa og stoltheita var til å ta og føla på då seksåringen, som eigentleg berre kan lesa dei enklaste orda, og det med stor møde, plutseleg hadde lese ei heil bok!

Korleis var det mogleg?

Jo, her er trikset. Den aller enklaste boka i den nye lettles-serien Leseland, Sola og vinden, inneheld ei kjend historie, som seksåringen også hadde høyrt nokre gonger på Leseland-appen. Dessutan er det mange enkle, attkjennelege ord og frasar, av typen «sa sola», «sa vinden», «Eg er…», som kjem att mange gonger. Og fargerike illustrasjonar over heile sida, som også hjelper til å syna kva som skjer, og kven det er som fører ordet nett no. Og ei avislesande mamma i bakgrunnen, som kunne hjelpa med dei orda som var litt vanskelegare, som jakka og gøymer …

Det er det som er så fint med dei enklaste lettles-bøkene: Det er mogleg for ein som berre nett så vidt er inne i lesinga, å få oppleva det å ha lese ei heil bok sjølv.

Inntil nyleg har det vore ganske få slike bøker på nynorsk.

I Samlaget sin nye lettles-serie, Leseland, er bøkene delte inn i nivå, slik at det finst ein liten bunke bøker for dei som er akkurat der som denne seksåringen på veg inn i lesinga, og så finst det bunkar med bøker for dei som er komne litt lenger, og litt lenger, i alt fire nivå. Til no har det kome ut tolv bøker, og det er planlagt ti-femten i året frametter.

Bøkene er spennande i seg sjølve, så dei som borna ikkje kan lesa sjølve enno, er gode høgtlesingsbøker for 6-7-8-9-åringane.

Nokre av bøkene er nyskrivne og nokre er omsette. I utvalet av tekstar ser ein at det er lagt vekt på at dei skal vera underhaldande. Nokre er fyrst og fremst morosame og kallar på latteren, som Cowboy-Claus og den prompande ponnien, medan andre har meir spennings- eller eventyrelement, som bøkene om drakar og hemmelege superheltar. Det er lagt vekt på at Leseland-historiene skal vera tilgjengelege og lesarvenlege. Det er også teke omsyn til at både gutar og jenter skal kjenna seg att i bøkene, nokre har jenter som hovudpersonar og vender seg kanskje mest til jenter, nokre handlar mest om gutar, medan nokre veldig tydeleg vender seg like mykje til jenter og gutar. Denne variasjonen er god å ha i eit lite lettles-bibliotek.
leseland

Titlane som er komne ut til no, er:

Nivå 1, Ny i leseland (bøkene eignar seg for barn som nett har byrja å læra å lesa)
Sola og vinden
Tanntrøbbel (del av serie om Besta og Bo)
Den krokete mannen

Nivå 2, Kom i gang (bøkene eignar seg for barn som klarer å lesa små tekstmengder)
Den pysete katten
Den underlege draken
Epleslang (del av serie om Rine og Ravi)

Nivå 3, Lesevennen (bøkene eignar seg for barn som byrjar å knekkja lesekoden, men enno ikkje er uthaldande i lesinga)
Cowboy-Claus og den prompande ponnien
Matias Maradona (del av serie om Barcelona-gjengen)
Felline, professor Pål og kjemisettet

Nivå 4, Leseproffen (bøkene eignar seg for barn som jamt over har knekt lesekoden og byrjar å bli uthaldande i lesinga)
Prinsesse Fibi og draken
Dei hemmelege superheltane

I tillegg finst det ein bunke for større ungar.