Lene Kaaberbøl: Skammarserien

Skammarens dotterSkammarens dotter
Skammarteiknet
Slangens gåve
Skammarkrigen
Omsette av Øystein Rosse

I samband med at fyrste boka i serien er filmatisert, gjev Det Norske Samlaget no ut dei fire bøkene i skammarserien i nye utgåver. Bøkene om Skammarens dotter vart ein stor suksess då dei fyrst kom ut her til lands, og det er ikkje utan grunn. Etter nokre få sider vert ein hekta, og ein får knapt til å leggja frå seg bøkene før ein er ferdig med heile serien.

I serien møter me Dina, som bur saman med mor si og to sysken. Dina har arva skammarevna frå mor si, ei evne som gjer at ho, ved å sjå på folk, kan få dei til å skamma seg for og tilstå alt det galne dei har gjort. Det gjer at nesten ingen torer sjå Dina i augo. Andre viktige personar i serien er Davin, som er bror til Dina, og fyrstesonen Nico.

Kaaberbøl har skore bort alt som ikkje er naudsynt i forteljinga, slik at bøkene ikkje har eit einaste daudpunkt. Språket har eit godt driv, og det er heile tida handlinga som er i fokus, utan at det går ut over personskildringane.

Samfunnet i serien kan minna om ein mytisk mellomalder, og me møter tjuvar, klan-folk, alkymistar, drakar og den vonde fyrst Drakan. Utetter i bøkene får Drakan og drakehæren hans meir og meir makt, og Dina og familien vert etter kvart ein del av den gryande motstandsrørsla mot han.

På mange måtar kan ein seia at bøkene handlar om identitet, å sjå konsekvensane av handlingane sine og å gjera det ein sjølv meiner er rett. Kombinasjonen av dei godt skildra ålmennmenneskelege problemstillingane og den storslegne og mytiske verda er noko av det som gjer at skammarserien verkeleg utmerkjer seg. Kaaberbøl er ein meister i å byggja opp spaninga, og ho kan òg den langt vanskelegare kunsten å avløysa spaninga utan at det vert eit antiklimaks av det.

Bøkene finst i lydbokutgåver.

Utdrag frå fyrste boka: