Atle Hansen: Svartedalen

Svartedalen_omslagDet er sommarferie. Alle dei andre ungdommane har reist til Syden eller andre spennande stader. Hovudpersonen vår er på sommarferie i Kapteinshuset saman med foreldra sine. Kan det verte kjedelegare? Her er det ingen jamaldringar å vere saman med. Han gler seg faktisk til å byrje på skulen att.

Slik startar forteljinga om mysteriet i Svartedalen. Hovudpersonen er ein gut i ungdomsskulealder. Han får høyre historia knytt til Kapteinshuset, dette staselege huset som vart bygd av den rike Kapteinen, og som far hans no har arva. Historia fortel også at Kapteinen vart teken av dage i Svartedalen. Han tek til å lure på kva som eigentleg er med Svartedalen. Kvifor er det ingen som går dit?

Så kva gjer du når du høyrer mystiske stemmer frå kjellaren i ei forlaten løe, djupt inne i Svartedalen, der du absolutt ikkje skulle gå? Eller når du høyrer lydar i Kapteinshuset sjølv om du veit at du er åleine heime? Etter kvart hender det mange mystiske ting som det er vanskeleg å finne ei naturleg forklaring på, både i Svartedalen, i Kapteinshuset og i bygda elles. Og så var det denne vakre og spennande jenta då, Julie, med det ramnsvarte håret og dei grøne auga. Henne skulle han gjerne verte kjend med.

Nokre gongar vert det opp til dei i notida å rydde opp i hendingane i fortida, sjølv om det kan bli farleg. Dette skal verte den beste og verste sommaren han nokon gong har hatt.

Svartedalen er ein lettlesen grøssar for ungdom. Spenninga held deg klistra til sidene, og du ber med deg forteljinga lenge etter at du har lagt vekk boka.

Utdrag frå boka: