Lene Kaaberbøl: Villheks – Atterkomaren

AtterkomarenTil norsk ved Øystein Rosse

No har den sjette og siste boka i Villheks-serien kome på norsk, og med det er den spanande bokserien om den unge villheksa Clara komplett. Kaaberbøl er flink til å skriva engasjerande og med stort driv, og det tek ikkje mange linene før me er midt i dramatikken.

Handlinga i boka heng tett saman med handlinga i bok fire (Blodsungen) og bok fem (Fiendeblod), og lesarane får truleg størst utbytte dersom dei les dei tre bøkene i samanheng. Med andre ord: Låner du med deg bok fire til ferieturen, so gjer du lurt i å låna bok fem og seks med det same.

Utdrag frå boka: