Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Erna Osland: Når det regnar i Afrika

Naar_det_regnarIllustrert av Per Ragnar Møkleby

Dette er den nyaste og kanskje finaste av Erna Osland sine fagbøker for barn. Denne gongen handlar det om vêr og klimaendringar. Boka er dedisert til lesarar med og utan namn: «Til Linus, Finn og alle andre gutar og jenter som får den store oppgåva å passe på regnet.»

Det går to hovudtrådar gjennom boka, ein faktatråd og ein fiksjonstråd. I faktatråden er det delen om vêret, som i tur og orden fortel om regn, skyer, vind, sol, og så klimaendringar, som har størst plass. I den tråden er delen om klimaendringane altså plassert bakerst i boka, og er minst i omfang, men får det siste ordet.

I fiksjonstråden, som er forteljinga om guten Styrk, byrjar det ubehagelege å murre ganske tidleg, for far til Styrk er i Afrika og skal hjelpe mormora med å bygge vatningsanlegg, og så kjem han seg ikkje heim fordi monsunregnet ikkje dukkar opp når det skal. Hos Styrk derimot, der han sit og ventar, regnar det altfor mykje.

Innleiingsvis kjem det nokre tankar om korleis boka kan lesast: «Her er det altså både ei forteljing og ei mengd meteorologiske småstykke. Du kan ta småstykka med inn i forteljinga. Men du kan også lese heile forteljinga først – eller sist – nett slik som du sjølv vil.» Sjølv om faktadelen er delt opp i små, fine bitar, er det til tider ganske kompliserte prosessar som blir forklarte. Slik sett er det godt å ha Styrk-forteljinga til å gi avbrekk og perspektiv. Det er dessutan fint at når vi lærer om regn, så regnar det heilt opp i senga til Styrk, og så når sola endeleg skin i gjennom hos han, så kjem kapitlet om sola.

Forteljinga om Styrk er ikkje forteljinga om ein verkeleg gut, men ho er sann likevel, blir det sagt mot slutten. For det er sant at mange barn opplever rasande regnvêr, like sant som at andre går og ventar på regn. Og så får vi høyre om monsunen, og korleis han ikkje oppfører seg slik han gjorde før, og kvifor det har blitt slik, og det blir slått fast at at kunnskapen vår om vêr og klima viser oss kva som bør gjerast. Det er sakleg og konkret, og tek barn si evne til å forstå innvikla prosessar på alvor. Og Erna Osland er ein fin forfattar, som er nærverande i bøkene sine og gjer greie for kvifor og korleis ho seier ting.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

6–9
9–12
9–12
9–12