Øystein Runde og Knut André Solberg: Futen

FutenMikael Braut er skatteinnkrevjar i ei verd der eventyrskapningar finst. Han skyr ingen middel i det utrøyttelege arbeidet sitt for å få samfunnet til å fylgja reglane, anten han skal krevja inn skatt frå Dovregubben eller forskriftsregulera riva til Pesta. Og på vegen vert det både gladvald og ordspelhumor. Eit døme på det sistnemnde er dei transformers-inspirerte trønderrobotane av lafta tømmer som går under namnet «tømmermenn» («Vikingane frykta tømmermenn med god grunn»).

Det har tidlegare kome to album med Futen, og denne nye boka har både nytt tilfang og det beste frå dei gamle hefta. Som i tidlegare hefte er replikkane til Mikael Braut på nynorsk, medan andre figurar snakkar bokmål, trøndersk eller andre språk.