Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Nikolai Astrup si magiske verd

AstrupBiletbok for små og store

Aller først: For ei praktbok dette er!

Kunstboka om Nikolai Astrup si biletverd er inspirert av Katy Couprie sine bøker for Musée du Louvre i Paris. Boka er meint som eit første møte med verka til Astrup, og er hovudsakleg laga for dei minste borna. I underkant av femti Astrup-verk er sette saman med foto, tekst og illustrasjonar. Vi møter menneske, dyr og natur, fortid og notid. Vi kan leite etter gøymde figurar og detaljar. Boka inspirerer til å snakke saman om både kunsten og fotoa. Samanstillingane vil gje nye og overraskande blikk på kunsten til Astrup.

Ved første augekast kan Astrup sjå idyllisk og naivistisk ut, men dersom ein studerer bileta nærare, kjem magien og trolldomen fram. Meininga med denne assosiasjonsboka er å hjelpe både vaksne og barn til å forstå biletuniverset til Astrup, samstundes som ho inviterer til undring og samtale mellom barnet og den vaksne. Teksten er kort og enkel, og den vaksne kan bruke han direkte i samtale med borna. Fotoa og illustrasjonane kjem inn som friske pust som blæs nytt liv i korleis vi ser på kunsten til Astrup. Har du til dømes tenkt over at du kan samanlikne eit lykketroll med eit seljetre med sprikande greiner? Eller at eit måleri av nokon som dansar rundt jonsokbålet kan by deg opp til dans?

Boka er ein del av den internasjonale lanseringa av Nikolai Astrup, og kjem ut på nynorsk og engelsk.

Forfattarar: Helga Anspach, Torunn Myrva
Foto: Magne Sandnes
Illustrasjonar: Anne Ree
Redaktør: Inger Schjoldager
Grafisk design: Christine S. Sunde

Fleire boktips

6–9
3–6
6–9
Frost
3–6