Erna Osland: Ta 100 steg og få ein venn

Ta 100 stegIllustrert av Torill Stranger

Denne samlinga inneheld fjorten forteljingar om det å møte kvarandre. Nokre av forteljingane er korte og poetiske, andre er litt lengre. Alle handlar om kor fint det er å få ein venn. Illustrasjonane gjev assosiasjonar til sjømannstatoveringar – vi ønskjer oss alle varige vennskap og å verte likte av nokon.

Kvar vesle forteljing handlar om ulike situasjonar der nokon møtest. Med nokre få setningar set forfattar Erna Osland oss inn i ei ny stemning og let lesaren bli kjend med personane. Kvar forteljing er nesten som å opne ei kikkeluke inn til ei ny verd. Mellom anna får vi lese om Sigurd sitt møte med den nye naboguten som heiter det same som han, vi møter Brage som treffer ei jente i djupet, Emil og Kaja som spring etter kvarandre heilt til vi ikkje ser dei, og Hanna som møter Håvard utan ein gong å sjå han.

Boka eignar seg svært godt på mellomsteget. Kvart kapittel er ein frittståande tekst, men ein kan gjerne lese boka frå perm til perm også. Skrifta er mellomstor og lett å lese.

Vennskap og møte mellom menneske er uslitelege tema som er like viktige for alle nye barn i livet. Denne boka er eit varmt tilskot.

Utdrag frå boka: