Ingunn Røyset: Aldri fred å få

Aldri fred å fåDen første boka om Dagny, Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen, har no fått eit framhald. Det er bra, for vi var mange som var spente på korleis det skulle gå med Dagny og bestevenninna Belinda, med Kalla, Perry og Guldis og alle dei andre dei siste åra av andre verdskrigen. I den frittståande oppfølgjaren Aldri fred å få får vi mange svar, og vi får også bli med på den store feiringa då krigen tok slutt.

Boka vekslar mellom å fortelje historia til Dagny i notid og Dagny på mormor si tid. Dette er eit snedig, men vellukka grep for at lesaren skal leve med i begge tidsperiodane. I notid har Dagny blitt storesøster til ein liten gut. Veslebror skrik mykje, og foreldra er veldig opptekne med han. I tillegg har mor til Dagny det travelt med å følgje opp ei sak ho brenn for; å stoppe etableringa av oppdrettsanlegg i nærmiljøet. Det er endå godt at mormor har tid til Dagny. Tid og sjokolade i skuffa.

Nokre nye personar er med i denne boka, og vi får mellom anna bli kjende med ordførarborna Signe og Anton. Dei er barn av vår tid, og er mest opptekne av mobiltelefonar og andre materielle godar. Etter å ha levd på 40-talet ei stund og kome tilbake til notida, har Dagny lært mykje om gamle dagar, og ho synest det er rart at vennene ikkje kan viktige ting som å ro og at ein må setje nygla i båten. Korleis skal dei då finne skattekista hans Ammen, far til Belinda? Leitinga fører mellom anna til eit ufrivillig kaldt bad for Dagny. Ho vert sjuk etterpå, og vaknar igjen opp i gamle dagar.

Andre verdskrigen går mot slutten. Det veit Dagny fordi ho er på besøk frå framtida. Dagny må fortelje Kalla kvifor ho er så sikker på at krigen kjem til å ta slutt snart. Mormor i notida har jo fortalt henne alt om krigen og fredsdagane. Kalla seier:

– Dagny, du veit …
Han rettar seg opp.
– … eg … synest du … ikkje er så verst.
Så ser han rett på meg.
– Men av og til trur eg det har tørna fullstendig for deg.

Kalla og Dagny utviklar eit nært vennskap, særleg etter at Belinda og familien må flytte inn med plageånda Guldis. Frå loftet til Guldis høyrest merkelege lydar, og ein gong såg dei ein mager mann med store auge i loftsglaset. I tillegg må Dagny springe med pakkar frå og til oldemor. Pakkar som inneheld hemmelege meldingar. Alt dette er best å ikkje snakke høgt om. Det er farleg, særleg i ei bygd med mange tyske soldatar.

Den største uroa knyter seg til ein stor pakke som Kalla og Dagny finn i fjøra. Pakken inneheld både farlege og hemmelege gjenstandar, og må gøymast på ei fjellhylle. Vil pakken bli oppdaga, og kva vil skje då? Kalla håpar å gjere slutt på verdskrigen heilt åleine, men klarer han det?

Ingunn Røyset skriv i etterordet at for å skrive om slikt som hende før ho vart fødd, treng ho mange gode hjelparar. Historia om Dagny og Belinda er oppdikta, men har svært mykje sanning i seg likevel, og mange av episodane i boka er sanne. Det er vanskeleg å leggje boka frå seg undervegs, for ein må berre sjå korleis det går. Sjølv om historia tidvis er både skummel og dyster, endar alt godt til slutt. Forfattaren tek den unge lesaren på alvor, både på det mellommenneskelege planet og med truverdige skildringar av krigshistoria. Det er derfor du skal lese Aldri fred å få høgt for dei over ti år, eller presentere boka for bokslukarane på slutten av mellomsteget.

Utdrag frå boka: