Tor Arve Røssland: Glimt

GlimtDen nye grøssaren til Tor Arve Røssland har to tidsplan og to ulike historier, og kapitla i boka vekslar mellom dei to historiene.

Den eine av historiene handlar om foreldrelause Solveig som er 15 år og bur på Grovøy, ei øy i havgapet. Historia er lagd til vårdagane 1940, krigen har nett starta og tyskarane kjem til Grovøy. Dei okkuperer huset ho bur i, og Solveig blir tenestejente i sin eigen heim. Ho får lange og tunge arbeidsdagar, og misliker løytnant Steiner som ofte er på besøk og stirer på ho. Men ho liker Torbjørn … Etter kvart blir det svært vanskeleg for Solveig, fordi folk på øya mistenker at ho er på sida til tyskarane.

Jon er like gamal som Solveig var, og flyttar i nåtidsforteljinga saman med mor si til den same øya. Jon kjem frå Bergen der han har slite med å få seg vener fordi han stammar. På Grovøy treffer han Rebekka som berre er «dritfin» og speler i band saman med tre gutar. Øvingane held dei i det gamle ungdomshuset, og der må dei vere ute innan klokka 19.33. Jon spør kvifor, men får ikkje eit skikkeleg svar. Underlege og uforklarlege ting begynner å hende, personar dukkar opp og forsvinn, lyset blir slått av og på. Er dette berre lureri, eller kva?

Jon har eit videokamera han har fått av faren sin. Det bestemmer han seg for å setje opp i øvingslokalet til bandet utan at dei andre veit det. Han vil sjå om han kan få tatt opptak av alt dette mystiske, og det blir eit opptak. For å finne ut kva som verkeleg hender i ungdomshuset om nettene, bestemmer tre av gutane seg for å overnatte. Det går ikkje heilt som dei hadde tenkt seg. Den uhyggelege stemninga varer, men dette må Jon finne ut av. Har læraren Finn noko med dette å gjere? Og kva meiner demente frøken Hansen på gamleheimen når ho seier: «Kvifor stod du berre og såg på?»

Dei to historiene møter sjølvsagt kvarandre, men på ein overraskande måte. Dette er ei spennande bok som er vanskeleg å legge frå seg!

Utdrag frå boka: