Martine Grande: Dagen opp ned

Dagen_opp_nedEin morgon vaknar flaggermusene Ida og Oda, sjølv om dei brukar å sove heile dagen og å vere vakne om natta. No om morgonen ser alt annleis ut! Det er ikkje mørkt, men lyst. Det er ikkje stille slik som det brukar å vere. Om dagen er det veldig bråkete. Dei går på leiting for å finne ut kven som lagar alle dei rare lydane, og møter ei rekkje ulike dyr som held til på garden.

Dagen opp ned er ei fargerik og spenstig bildebokforteljing om å sjå verda med heilt nye auge. Illustrasjonane er store og tiltalande med eit forenkla uttrykk. Den vesle lesaren vil kanskje erfare at han eller ho kjenner att mange dyr og kan mange dyrelydar. Det er ikkje like enkelt for flaggermusa Ida som opplever alt for første gong og er litt engsteleg av seg. Oda er den tøffe og sterke, og tek ansvar for å vise Ida rundt i verda. Styrkeforholdet vert snudd opp ned når dei møter eit menneske, ei jente. Då vert Ida den tøffe, og Oda vert den engstelege. Dette er ei av mange uventa hendingar i historia. Forfattaren har lukkast med å leike seg med uttrykket «opp ned» på mange ulike vis, og barnet vert teke med på språkleiken på ein finurleg måte. Til og med tittelbladet har ein ny vri, der står bokstavane trykt opp ned. Den vaksne må snu boka opp ned for å sjå kva som står, og på den måten vert også dei opp-ned-hengande flaggermusene «rett veg».

Teksten er kortfatta og gjennomtenkt, med humoristiske innslag av rimord til dyrelydane.

– Ikkje visste dei at grisen seier nøff.
Tøff, seier Ida.
Nei, nøff. No tøffar du deg berre.
– Nei, eg nøffar meg berre.

Boka inviterer til å leike seg med alt som kan oppdagast på nytt rundt ein. Kanskje ein kan sjå verda med litt nye auge om ein snur det kjende opp ned?

Utdrag frå boka