Atle Berge og Henning Lystad: Keeperkongen

Keeperkongen_Leseland

Heile gjengen stirar på den fremmende dama.
«Er DU Keeperkongen?» seier Leo og Moa i kor.
Dama nikkar.
«Det er meg», seier ho.
«Vi trudde Keeperkongen var ein …» seier Aleksander.
«Ein mann?» spør dama.
«Ja», mumlar Aleksander.
«Kongar er ofte menn.»

Lettlesboka om «Keeperkongen» er Atle Berge si bok nummer tre om Barcelona-gjengen. Eigentleg heiter laget Komet IL, men desse gutane er blodfan av dei spanske toppspelarane på Barcelona, og under dei kvite Komet-trøyene skjuler det seg blå og raude striper.

I kvar bok blir vi betre kjende med ein av spelarane på laget. Vi har lese om Birk og Leo allereie, denne gongen er turen komen til superspissen Aleksander.

Aleksander kan verkeleg ikkje fordra å vere keeper. Han er van med å briljere på bana, han trivst best i nærleiken av målet til motstandarane. Men på Komet IL byter dei på å stå i mål, og no er det hans tur. I eige mål er Aleksander ei håplaus kløne. Han kan ikkje bruke armane. Heldigvis skal dei få hjelp av den beste målvakta som laget har hatt gjennom alle tider – Keeperkongen.

Kanskje Keeperkongen kan lære Aleksander eit triks eller to? Kanskje ho kan få han til å bruke hendene på ballen?

Det går ikkje heilt slik vi trur, utan at eg skal røpe for mykje, men det er klart det ordnar seg for Barcelona-gjengen denne gongen også. «Keeperkongen» følgjer med andre ord opp den seriøse og positive tonen frå dei to førre bøkene. I denne serien er fotball viktig, gøy og lettlese – i den rekkjefølgja.

Utdrag frå boka: