Leseland

leselandLeseland er ein serie med underhaldande og engasjerande lettlesbøker. Dei første Leseland-bøkene kom ut i 2015, og i januar i år kom det 18 nye titlar i serien. Dei komande åra vil det koma minst ti nye Leseland-bøker i året, fordelte på dei ulike nivåa. Bøkene kjem parallelt i Leseland-appen.

Den gode forteljinga står alltid i sentrum, og i tillegg til enkel og god tekst har bøkene mange fargerike og spreke illustrasjonar. Nokre av titlane er laga for dei yngste i barneskulen, medan andre er laga for lesarar på mellomsteget. Serien inneheld både faktabøker og skjønnlitteratur.

Leseland er ei stor satsing for Samlaget, noko forlaget gjer for å auka tilfanget av lettlesbøker på nynorsk, slik at den som skal læra å lesa med nynorsk som hovudmål, skal ha tilgang på kvalitetssikra­ lettlesbøker på sitt eige mål.

nettsida til Samlaget kan du lesa meir om Leseland og bla i bøkene.

Utdrag frå nokre av bøkene: