Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Njord Svendsen og Akin Duzakin: Bomulv

BomulvOpplegg til boka:
Undervisingsopplegg knytt til Bomulv, for 5.–7. trinn

Debutanten Njord Svendsen og veteranen Akin Duzakin har saman laga ei fin forteljing om mot og venskap. Boka handlar om den kvite ulven Bomulv, som ikkje er som resten ulvane i flokken. Ikkje liknar han på dei, og ikkje kan han ula. Dei andre ulvane mobbar han, og til slutt får Bomulv nok. Han finn ut at han må koma seg bort, og tidleg ein morgon legg han på sprang gjennom den mørke skogen.

Bomulv sprang.
Bomulv var redd.
Bomulv var heilt einsam.
Men eg er ikkje meir einsam enn eg var heime, tenkte Bomulv.
Derfor sprang han, lenger og lenger, inn i den mørke skogen.

På den andre sida av skogen møter Bomulv sauen Stig. Dei to vert vener, og saman opplever dei mykje spanande. Det heile er skildra med humor og varme, og dei flotte illustrasjonane til Akin Duzakin gjev dessutan forteljinga eit drøymande uttrykk.

Utdrag frå boka

Fleire boktips

6–9
9–12
3–6
6–9