Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Trine Andersen og Mads Themberg: Sprint

SprintSprint er del av Det Norske Samlagets Leseland for eldre barn og ungdom. Bøkene er rikt illustrerte med inspirerande og tankevekkjande lesestoff. Sprint er ei fantastisk historie om noko som kan vere farleg eller vanskeleg å tore å våge. Spesielt likte eg det store mysteriet. Samlaget kombinerer ei god og engasjerande historie med lettlesen og innhaldsrik tekst. Boka var bra, trur ho passar best for 4.–7. klasse. Ho var fin, enkel tekst og det var lett å forstå innhaldet.

Boka handlar om ei jente som heiter Anna. Ho har aktivitetsdag, det begynner å regne, og ho ser skuggar som liknar på Balder som før gjekk i klassa hennar. Etter kvart høyrer ho at ein gut har forsvunne heimanfrå. Men så skjønar ho at den «skuggen» er Balder og det er han som har forsvunne. Ho finn leietrådar som fører henne til den største sprinten i livet hennar.

Bokomtalen er laga av Ingrid Oterholt Brekke.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
lettlesne bøker