Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Álvaro Nofuentes: På Grand Manila

På Grand ManilaMed utgangspunkt i ein roman av Kjartan Fløgstad har den spanske teikneserieskaparen Álvaro Nofuentes laga teikneserien På Grand Manila. Boka kjem no ut på norsk, fint omsett frå spansk til nynorsk av Bente Teigen Gundersen.

I staden for å laga ein tradisjonell teikneserieadapsjon av handlinga i boka til Fløgstad har Nofuentes laga det han kallar eit «grafisk essay». Her tek han utgangspunkt i nokre av temaa frå boka, til dømes det tosidige i at det internasjonale firmaet Union Carbide Corporation, med base i USA, både er ansvarlege for modernisering og sysselsetjing i Sauda og ein industrikatastrofe som førte til eit femsifra tal på dødsfall i India.

Visualiseringane av problemstillingane er fascinerande, med mange spanande grafiske løysingar. Eit godt døme er sida der Nofuentes tek føre seg overgangen frå det fattige landbruksområdet Sauda til det moderne samfunnet som voks fram med industrien: På fyrste biletet ser me ei teikning av eit bondesamfunn, på neste bilete heng den same teikninga av bondesamfunnet innramma som veggpynt i ei moderne stove. Måten Nofuentes byggjer vidare på motiva i gamle reklameplakatar for Union Carbide Corporation, er òg særs spanande.

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker