Ruth Lillegraven: Urd

untitledUrd handlar om Seselja og Cecilie, to kvinner i kvar sin ende av det tjuande hundreåret. Boka fortel også historia om det vesle huset på garden i vest som knyter dei to skjebnane saman.

Ruth Lillegraven skriv episk og i diktform i denne boka, og den særeigne skrivestilen kler handlinga. Det poetiske, ordknappe språket gir rom for alt det som ikkje kan skrivast på linjene, men som må lesast mellom dei. Kvart dikt kan lesast sjølvstendig, men lesen frå A til Å handlar boka om den hundre år lange historia om dei to kvinnene, på 117 små sider. Vi vert kjende med Seselja, som sydde for folk i bygda og som ikkje stifta familie eller fekk barn, men som fekk bu i kårhuset på garden til han ho var tante til. Og vi får møte Cecilie, den moderne kvinna som er gravid med tvillingar og som overtek huset med alle historiene. Urd er ei bok med store kontrastar, frå det kvardagslege, lågmælte, til det dramatiske og livsomsnuande.

Tittelen på boka kjem frå norrøn mytologi, der Urd var ei av tre skjebnegudinner som sit ved brønnen Urdabrunn under verdstreet Yggdrasil. Urd (fortid), Skuld (framtid) og Verdande (notid) spinn på skjebnetrådane til alle menneske og æser. Dei er alltid til stades når eit barn blir fødd, og bestemmer kva liv det skal få. «Urd» var også namnet på eit av dei første vekeblada for kvinner i Noreg – eit blad som mellom anna tok opp folkeopplysing, kunst og kultur.

Boka høver godt til bruk på vidaregåande.