Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Rolv Brimi og Aslak Brimi: Nå skal eg sulle

Nå skal eg sulleSullar – stubbar – regler
Illustrert av Linda Gytri
Ta:lik 2016

Dette er ei samling med rundt hundre små songar og regler frå Gudbrandsdalen, samla av Rolv Brimi og Aslak Brimi. Boka passar for foreldre, besteforeldre, barnehagetilsette, lærarar eller rett og slett dei som er glade i song. Dei fleste songane i boka er songar for barn: bånsullar, skjemteviser og andre barnesongar, medan andre er knytte til seterlivet eller arbeidssongar. Vi finn også regler om kroppen, tærne, fingrane og om å telje.

Tradisjonssongane viser at songen hadde ein funksjon i kvardagslivet, enten det var for tøys og skjemt, med ord som ikkje gjev noka eigentleg meining, om det var songar som handla om arbeidsoppgåver eller husdyr, eller bånsullar/songar som skulle gje kvelds- og sovero. «Sjølv om bånsullane hadde ein funksjon, var dei «anonyme»», skriv Rolv Brimi i innleiinga. Songane vart ikkje rekna som noko særleg verdifullt. Med denne boka løftar han fram dei små songane, og viser tydeleg at bånsullane har stor verdi også for kvardagslivet i dag.

Boka er lita og ligg godt i handa. Linda Gytri sine illustrasjonar i svart-kvitt spelar på lag med songane og stubbane og den reine grafiske utforminga. Med boka følgjer ein lyd-CD med nyinnspelingar av songane, og det er eit viktig supplement til notane. Songane har eit avgrensa toneomfang, ofte berre fem-seks tonar, noko som passar godt for barnestemmer. Brimi har valt å skrive tekstane slik at dei er forståelege for eit publikum også utanom det området der visene er henta frå, men han har også halde på ein del dialektiske uttrykk. Det er fint å bruke desse uttrykka som utgangspunkt for å snakke om liknande ord i eins eiga dialekt.

Nokre av songane er kjende over store delar av landet, som til dømes Gjendines bånsull. Dessutan kan ein finne att dei fleste songane og variantar i andre område av landet. Slik kan boka vere til inspirasjon når det gjeld å oppsøkje kjelder i nærmiljøet som kan lære vekk liknande stubbar og småsongar. Sjølv om dei fleste songane er frå Gudbrandsdalen, er songboka absolutt aktuell for barnehagar og skular andre stader i landet også, og kan varmt anbefalast.

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
3–6
6–9
Frost
3–6