Kari Stai: Jakob og Neikob. Naboen

Jakob og Neikob. NaboenJakob og Neikob er bestevenner og bur i lag på ein bakketopp.
Jakob seier JA til alt, og Neikob seier NEI til alt.

– Ei ny bok om Jakob og Neikob? Denne boka har vi lese før, hevdar min vesle lesevenn. – Nei, sjå nærare, seier eg. Vi ser nøye på framsida i lag, på dei to figurane som sit på graset og ser på det oransje huset med det spisse taket. – Det ser ut som om nabohuset ser på dei også, utbryt fireåringen. – Eg lurer på kven som bur i huset. Les då!

I denne fjerde boka om Jakob og Neikob får dei plutseleg ein nabo. Huset til naboen står der brått ein dag, på bakketoppen attmed huset deira. Jakob vert glad og nysgjerrig, medan Neikob vert svært skeptisk og vil setje opp eit gjerde. Jakob synest at nabohuset med løkkuppel og runde vindauge ser spennande ut og vil heller byggje ei bru over til naboen. Neikob synest det er best å passe seg litt. Han vil heller ikkje at dei skal gå på besøk og ete fiskebollar. – Du veit vel at ein ikkje snakkar med framande, Jakob? seier Neikob. I staden vert dei heime og spionerer på naboen. Når naboen trekkjer for gardinene, er dei sikre på at han har noko å skjule. Skal tru kven som er naboen?

Kari Stai meistrar til fulle kunsten å repetere slik at barnet kjenner igjen karakterane og oppbygginga frå dei første bøkene. Til og med tjuven har fått ei ørlita gjesterolle. Samstundes legg Stai til nye element og nye figurar som driv historia fram og gjer at kvar side i boka er spennande.

Jakob og Neikob. Naboen tek opp framandfrykt på ein snedig måte slik at både vaksne, skulebarn og barnehagebarn kan snakke om temaet på ulike nivå. Boka er verkeleg ei bok i rett tid, og Stai utfordrar eventuelle fordommar hos lesaren på ein humoristisk og klok måte.

Utdrag frå boka: