Brynjulf Jung Tjønn og Øyvind Torseter: Den finaste historia

Den finaste historiaDet er natt, og Vera kjem ut vindauget med auga lukka og spring flygande av garde. Det lange håret hennar står som ei bølgje bak ho når ho spring, og i håret held broren Salander seg fast og ser ut som han søv. Håret hennar blir lengre og lengre medan ho spring. Ute er det både varmt og kaldt, mørkt og lyst på same tid. Dei skal til Dammen der Syl bur. Syl kan vise Vera den finaste historia, den som får Salander til å leve: «Den eg likar aller best. Der det skjer mykje vondt, men går bra til slutt». Syl fortel historia, og vi forstår etter kvart at Salander har omkome i ei ulykke. Ved at Syl legg fingrane sine over hjartet til Salander, kan Vera oppleve at hjartet hans slår og at pusten hans blir varm. Dette er det berre Vera som opplever, foreldra veit ingenting om at det kan vere slik.

Dette er ei veldig var, vakker og stemningsfull bok som omhandlar døden. Det draumeaktige gjer at det aldri blir skummelt. Eventyrelement er også tydeleg til stades, i illustrasjonane ser vi troll, trestubbar som får liv, vakre blomar som lever under snøen og Syl som minner oss om nøkken. Det er i draumeverda at Salander får hjarteslag og pust, slik at Vera kan bearbeide opplevingane. Vera er teikna i ein enkel strek, det er omgivnadene som har farge. Her veit vi ikkje sikkert kva som er verkeleg og kva som er draum. Illustrasjonane understrekar det draumeaktige og utvidar forteljinga for oss. Sjølv om det ikkje er skummelt, kan det vere godt med nærleik og ein god, vaksen armkrok når ein skal lese denne boka.

Utdrag frå boka: