Ruth Lillegraven: Sigd

SigdSigd er ein poetisk biografi med handlinga lagd til siste halvdelen av 1800-talet. Biografien har fire delar, og handlar i hovudsak om odelsguten Endre. Endre har ei lyrisk forteljarstemme som viser seg i naturbilda som skildrar familie og gardsliv: «Mor mi er smeltesol og smørblom / far er gammalgran og sveveørn». Han lever eit tradisjonelt liv som odelsgut, og vert buande heime på garden saman med foreldra, medan syskena flyttar til Amerika eller giftar seg.

Det første minnet hans er knytt til faren som held han på armen, og dei ser på månen saman: «bak skodde og regn, stundom kan me sjå han / som ein sigd på himmelen». Slik vert sigden knytt til det første minnet, og til månen, og kanskje også melankolien som i ligg i å minnast sin eigen barndom.

Forteljinga er forma som ein biografi i diktform, ikkje ulikt tidlegare bøker som forfattaren har gjeve ut, som Urd eller Manillahallen. I dei to første delane av Sigd er språket til Endre prega av allitterasjonar som gir kjensla av det urgamle og understrekar at folk har levd på bygda på denne måten i uminnelege tider. Bøndene lever i samråd med himmellekamane («Ku skal ikkje leiast til okse ved minkande måne») og fortel segner om bjørnar som drep og vert drepne. Det er eit patriarkalsk samfunn der odelsgutar veks opp og held fram med livsverket til faren, det ligg ein rytme i dette også, ein grunnrytme som pregar heile samfunnet.

Referansar til Eddadikting («Døyr far, døyr frendar, døyr eg det same»), segner om huldrefolk og overtru og referansar til kristendom med den gjentakande frasen «alt har si tid» finn ein mykje av i teksten. Men også salmar som Himmelske Fader. Slik vert dei kulturelle referansane til Endre synlege i teksten, fordi dei lever i språket hans og definerer måten han ser verda. Del ein sluttar med at Endre giftar seg og dei ventar barn.

I del to kjem tragediane tett, Abelone mistar barnet og kan ikkje få fleire. Faren til Endre døyr, og kjem til Endre i ein draum og seier han må selje garden til systera og mannen som har born, slik at garden vert i ætta. På nytt ser vi korleis Lillegraven brukar inspirasjon frå sagadiktinga der draumen ofte er eit sentralt element i forteljinga, og fungerer som eit varsel eller ei stadfesting av lagnaden.

I del tre skjer det ei markant endring i livet til Endre som også manifesterer seg i språket hans. Det opphavelege språket har vore så knytt til bondelivet at når dette livet stoppar opp, stoppar også språket opp. Endre vert sengeliggande av giktverk og vert heilt taus. Men broren sender ei bok frå Amerika, og dette vert starten på eit nytt kapittel i livet hans. Han går inn i det nye språket engelsk og les alt han kjem over. I språket reiser han til stillehavsøyar og les om dodofuglen som vert symbolet for det nye livet hans: ubrukeleg kjenner han seg, ubrukeleg, latterleg og utan formål. Abelone og han glir frå kvarandre, åra går og Abelone må gjere alt arbeid åleine. Til slutt flyttar ho ut frå kammerset deira, og då mister Endre interessa for alt språk, både språket i bøkene og kommunikasjonen mellom dei. På den sjuande dagen etter samlivsbrotet prøver Abelone ut språket hans, og definerer ein ny identitet då ho famlande seier «My name is Abelone». Språklæringa blir eit nytt prosjektet som gir det nye samlivet deira ny meining og nytt innhald.

Ein kan lese boka som eit språkprosjekt der det gamle språket representerer tradisjonar, samhald, overtru og gudstru, men også avgrensing, geografisk og sosialt. Dei nye språka, blant anna engelsk og tysk, vert tidsoverskridande og frigjerande for individet. Dei representerer moderniteten og den moderne verda, utvandring og industrialisering, oppbrot og fornying.

Sigd vert slik ei språkreise, frå ei tid der tradisjon og gamle kulturtekstar definerer individet (der faren sitt språk avteiknar seg i sonen) til ei tid der språket opnar for nye moglegheiter og kommunikasjon mellom einskildindivida. Men det nye språket er ei blanding av ei mengd impulsar: For sjølv om Endre delvis formulerer seg på engelsk er rytmen, gjentakinga og allitterasjonen gjenkjenneleg frå det gamle språket: «Eggs seier me / birds seier me / fjords and fjells / sheep and sleep / Hello and goodbye». Språket er eit uttrykk for ulike kulturelle påverknader, og det vert eit særeige språk: eit språk som Ableone og Endre skjønar, og som vert frigjerande og fornyande for fellesskapen dei imellom.

Forteljinga tematiserer blant anna kor identitetsskapande språket er, og kor mykje kraft og frigjering det ligg i å finne sitt eige språk, korleis mennesket må klare å definere seg på nytt og korleis hendingar i livet kan opne opp for nye vokabular i oss. Men forteljinga handlar også om korleis ein taklar tap i livet: tap av søner, fedrar, tap av språk, tap av livsgjerning. Likevel er det ikkje ei dyster bok, men ei bok med mykje kjærleik i.

Sigd er ei heilt nydeleg bok.