Roald Dahl: Vemmelege vers

Vemmelege versGjendikta av Grethe Fatima Syed.

Seks kjente eventyr i Roald Dahl-versjon fortalde på rim og med eit litt anna innhald enn det vi kjenner best – dette kan ikkje bli anna enn stor stas! Saman med illustrasjonane til Quentin Blake blir vi førte rett inn i ei litterær verd vi kjenner igjen.

Oskepott viser seg å vere ei jente med stor handlekraft og stort pågangsmot, ho vil på ball og ropar høgt til fea: «Eg vil ha kjole! Ring ein taxi, yolo eg vil vere sexy». Og ball blir det, med twerking og sundriven kjole. Men prinsen i eventyret viser seg å vere langt frå ein draumemann, han er så valdeleg at han høgg hovudet av dei to stygge stesøstrene med pizzatryne. Då brest hjartet til Oskepott: «For ein føkkings disgusting gnitar! Ein slik mann vil eg ikkje ha.» I staden bed ho fea om å skaffe seg ein skikkeleg mann, ein kraftkar som jobbar med fiskeoppdrett: Hallgeir frå Averøya. Og dei lever lykkeleg alle dagar, med husbankhus, SUV og kjøkkenhage.

Då far til Snøkvit treng ei ny kone, legg han ut ein profil på Tinder. Han får mange treff, og frøken Perleport som han giftar seg med, har ein spegel som alltid snakkar sant. Ikkje berre om kven som er vakrast, men spegelen veit også kva som blir servert til middag. Snøkvit hamnar i huset til sju kortvaksne, spelegale jockeyar. Ei natt kjem ho seg inn på slottet og får med seg spegelen, og denne kan brukast til å få greie på kva hest som vinn Dagens dobbel. Snøkvit og dei sju kortvaksne satsar og vinn alt, og blir så rike at dei badar i pengar. Moralen er: «Det er ikkje synd å gamble, så lenge ein alltid vinn.»

Dei andre eventyra Jack og bønnestengelen, Gullhår og dei tre bjørnane, Raudhette og ulven og Dei tre små griser er også overraskande variantar av dei kjente eventyra. Her er det ikkje snille, tekkelege og forsagte jenter, tvert om. Gullhår har ein utspjåka trut og bannar som ein forbrytar før ho legg seg i senga med skoa på. Dei har ho nett trakka i ein diger hundebæsj med. Raudhette er ei handlingas jente som sjølv skyt ulven og lagar seg ein flott ulvepels. Ho dukkar også opp hos dei tre små grisane, og det endar med endå ein ulvepels og ei svineskinnsveske i tillegg.

Historiene er artige, overraskande, humoristiske, frekke og litt slemme i typisk Roald Dahl-stil. Handlinga føregår tydeleg i vår tid. Gjendiktinga til Syed er strålande, her er blanding av moderne ungdomsslang, dialekt og meir tradisjonell nynorsk. Det er ikkje minst språket som gjer at dette blir humoristisk og underfundig, særleg for den vaksne lesaren. Boka er ei utgjeving midt i blinken for å feire at det er hundre år sidan Roald Dahl blei fødd.