Mats Wänblad: Slik funkar det! Heime og rundt omkring

Slik funkar detIllustrasjonar av Björn Bergenholtz, Anders Nyberg, Kjell Thorsson og Filippa Widlund
Omsett av Øystein Rosse

Er du ein av dei som lurer på korleis eit trådlaust nettverk fungerer, korleis ei induksjonskokeplate vert varm, eller korleis ein oppbevarte mat før frysaren fanst? Eller er du kanskje ein lærar som skulle ønskje at det fanst ei bok som forklarte alle desse tinga og mykje meir, som eit supplement til læreboka? Slik funkar det! Heime og rundt omkring er ei underhaldande bok om korleis mykje av det nødvendige i kvardagen fungerer og heng saman.

Kapitla i boka tek utgangspunkt i eit hus, og vi følgjer vatn, varme, straum, mat og informasjon til og frå huset. Eitt kapittel handlar om trafikk og transport, eit anna om korleis ting var før i tida og korleis det kanskje kjem til å sjå ut i framtida.

Kvar einaste bokside har fargerike og detaljerte illustrasjonar og korte faktatekstar som er lette å lese. Boka er godt eigna til bruk i barneskulen, men også ungdommar og vaksne kan lære mykje av å lese i denne faktaboka. Det er ikkje alt ein kan google seg fram til. Av og til er det fint å ha ei bok som forklarer noko om samanhengane også.

Sjølv om hovudmålgruppa er større barn, vil eg også tipse om boka til bruk i barnehagen. Er det ikkje nettopp der at borna er i den mest nysgjerrige alderen og kjem med dei beste spørsmåla om korleis verda heng saman? Då er det fint å ha ei slik forklaringsbok med teikningar på lur, så kan vaksne og barn finne ut svara i lag.

På 70-talet vart det gitt ut ein serie med «How things work»-bøker som vart svært populære. Mange vaksne i Noreg og Sverige vaks opp med desse bøkene. Mykje har endra seg sidan det, og i denne heilt nye faktaboka får du altså heilt oppdatert kunnskap om korleis ting rundt oss funkar. Eit «must» for skulebiblioteket!

Utdrag frå boka: