Bente Bratlund: Bebe (serie)

bebeBebe 1 (2011)
Bebe 2: Ingen ting som før (2012)
Bebe 3: Den einaste som veit (2013)
Bebe 4: Alt kjekt kan skje (2014)

Bøkene om Bebe handlar om eit alvorleg, men svært viktig emne: overgrep. Bøkene viser kor viktig, men vanskeleg det er å seie frå om slike alvorlege hendingar. Dei handlar også om forelsking og godt veninneforhold. Dette er lettlesne bøker med eit godt språk, dei høver godt for ungdommar. Den eine boka held fram der den førre sluttar, men dei kan også lesast kvar for seg.

Dei fire bøkene om Bebe (Beate Belinda) er fortalde i eg-form. Ho går i tiande klasse og er besteveninne med Sara. Dei har hange saman i tjukt og tynt, men ting har blitt vanskelegare i det siste fordi dei begge to liker den kjekkaste guten i klassen, Daniel. Tommy er også ein kjekk og morosam gut, og han sender ofte meldingar til Bebe. Sara og Daniel er dei heldige elevane som blir stemde fram til å dra på kurs saman, men det blir ikkje slik som Sara hadde tenkt. Daniel bryr seg ikkje om ho, og Sara får kjærleikssorg. Då bestemmer også Bebe seg for å drite i Daniel.

Fru Almdal er den kloke, gamle naboen til Bebe. Om noko var spennande eller vanskeleg, har fru Almdal alltid eit godt ord med på vegen. Ein dag finn Bebe fru Almdal i dårleg forfatning og må få tak i ambulansen. Seinare same dagen vågar ho å seie frå til ein lærar som har det moro på andre sin kostnad, fordi ho tenker på det fru Almdal har sagt: «Er det noko ein ikkje likar, får ein gjere noko med det.» Tommy synest Bebe er tøff som vågar.

bebe2Den andre boka om Bebe startar med at klassen gler seg til nyttårsballet, men brått har ikkje Sara lyst til å gå. Når Bebe tenker seg om, har Sara ikkje vore heilt til stades i det siste. Men ho vil ikkje seie kva det er. Sara blir med på nyttårsballet under tvil, men forsvinn midt i ein dans. Bebe spring etter og ser at ho har gråte. Og endeleg klarer Sara å fortelje; ho er blitt valdteken av onkelen sin. Bebe må love å ikkje fortelje noko om dette til nokon. Men Bebe veit at det ikkje er rett å teie, og seier at ho kjem til å seie frå om ikkje Sara sjølv har gjort det i løpet av ei veke.

I den tredje boka får vi vite at det slett ikkje går så bra med Sara. Ho klarer ikkje å konsentrere seg, ofte er ho bort frå skolen og ho er redd for at ho skal ha blitt gravid. For Bebe er også situasjonen veldig vanskeleg, ikkje kan ho fortelje noko, og ikkje har ho gode bortforklaringar når dei andre spør om Sara. Både Tommy og mora til Bebe blir irriterte på ho. Sara får ein dag veldig vondt i magen og hamnar på sjukehuset. Nå må foreldra få vite kva som har hendt. Midt oppi alt dette vanskelege vågar Bebe å spørje om Tommy vil treffe ho, og det vil han. Dei blir kjærastar.

Når vi møter Bebe og Sara i den fjerde boka, er dei på sydentur med foreldra til Sara. Sara er framleis prega av det ho har opplevd, men alle er innstilte på at dette skal vere ein kjekk tur. Dei møter to kjekke svenske gutar, og både Sara og Bebe blir sjarmerte. Bebe blir ei stund i tvil om Tommy framleis er den rette. Sjølv om Sara har det betre, toler ho ikkje at dei svenske gutane kjem for nær. Bebe og Sara blir samde om å ikkje treffe dei svenske gutane meir, og dessutan har dei jo ikkje vore i alle butikkane ennå. Brått får Bebe ei melding om at fru Almdal er død. Dette er svært trist for Bebe, men ho bestemmer seg for å ta med seg alle dei gode minna og gode råda ho har fått av fru Almdal. Det er Bebe som har tatt stafettpinnen vidare no.