Linn T. Sunne og Camilla Billett: Jenta i Blindgata

Jenta i BlindgataJenta i Blindgata tilbyr lesaren eit møte med det overnaturlege kombinert med handlingsdrivande illustrasjonar som tilfører forteljinga spanande element og passeleg mengde grøss-faktor. Bileta støttar opp om historia og oppfordrar til vidare samtalar kring tydinga av det ein ser.

I boka møter vi Tea og Teodor som får ei ny jente i klassa, Inga. Inga bur i same gate som Tea og Teodor og har ein hund som heiter Knøtt. Det er spanande å besøkje Inga, for ho bur aleine og dei kan gjere det dei vil. Men då dei leiker gøymsel, ser Teodor noko som gjer han livredd, og dei byrjar å sette spørsmål ved kven Inga eigentleg er.

Jenta i Blindgata er ein del av Leseland-serien til Samlaget. Boka er på nivå to og har mange fengjande illustrasjonar der enkel og kort tekst er direkte knytt til bileta. Boka eignar seg for barn som klarer å lese små tekstmengder.

Utdrag frå boka: