Bokbussen

Bokbussen RAUD, Bokbussen BLÅBokbussen GRØN og Bokbussen FAKTA. Forlaget er også i gang med ein femte buss, Bokbussen SPENNING, som får 20 bøker og kjem ut våren 2018.
GAN Aschehoug
Målgruppe 1.-4. trinn

Bokbussen inneheld til saman 100 nyskrivne småbøker til støtte i leseopplæringa. Bøkene vert leverte i fire solide øskjer med lok: Bokbussen RAUD, Bokbussen BLÅ, Bokbussen GRØN og Bokbussen FAKTA. Desse er fine å ha på klasserommet, som eit lite bibliotek i seg sjølv.

I kvar boks er det småbøker på to nivå, så til saman er det seks nivå etter vanskegrad og tekstmengd. Både innhald og illustrasjonar har eit breitt spenn, så her bør det vere noko for kvar ein smak. Lærarrettleiinga til Bokbussen RAUD og Bokbussen BLÅ inneheld metodiske tips, loggbok, omtale av bøkene med meir. Alt av materiell til elevane er på nynorsk. På nettsida til forlaget finn du også gratis arbeidsark på nynorsk til bøkene i Bokbussen GRØN. Det er også mogleg å kjøpe pakkar med seks like bøker, av ti av titlane i Bokbussen RAUD og Bokbussen BLÅ, til å lese saman i små grupper.

Med Bokbussen aukar talet på småbøker til bruk i leseopplæringa stort.

Bokbussen RAUD: Nivå 1 og 2

Bøkene har 12 sider, med svært korte setningar, ein eller to stavingar, stor grad av oppattaking og mest mogleg lydrette ord. Illustrasjonane støttar teksten.

Bokbussen BLÅ: Nivå 3 og 4

Bøkene har 16 sider, og tekst på dei fleste sidene, men ikkje meir enn åtte linjer per oppslag. Nokre av bøkene er fortalde på rim, og elevane møter nokre samansette ord, fleirstavingsord og doble konsonantar.

Bokbussen GRØN: Nivå 5 og 6

Vanskegraden er litt høgare, men det er framleis illustrasjonar på alle oppslaga. På nivå 5 og 6 er det 250–850 ord per bok, og setningsoppbygginga og vokabularet er variert. I Bokbussen GRØN har alle bøkene stive permar.

Bokbussen FAKTA: Nivå 5 og 6

I Bokbussen FAKTA har alle bøkene stive permar.

APP: Bokbussen

Bøkene er også å finne i ein app der elevane får tilgang til 48 av bøkene frå Bokbussen RAUD og Bokbussen BLÅ. Bøkene er tilgjengelege på bokmål, nynorsk, engelsk, dari, kurmanji, somali, pashto, burmesisk, polsk, kinesisk, arabisk og tigrinja. Både teksten du les og lyden du høyrer, er på det språket eller målforma. Appen er dermed også svært godt eigna til morsmålsundervisning og gjev elevar med ulik språkleg bakgrunn tilgang til å lese den same litteraturen. Her er fire funksjonar: Les sjølv, les for meg, les inn og høyr deg sjølv. Appen er utvikla med støtte frå Utdanningsdirektoratet.

Småbøkene i Bokbussen er utvikla av ei gruppe pedagogar og andre med spesialkompetanse på lese- og skrivestart.

Utdrag frå ei av bøkene: