Mary Shelley: Frankenstein

frankenstein«Lær av meg, om ikkje frå formaningane mine så frå eksempelet mitt, kor farleg det kan vere å få kunnskap, og kor mykje lykkelegare han er som trur heimbyen hans er heile verda, enn han som strevar etter å bli mektigare enn karakteren hans vil tillate.»

Romanen Frankenstein er omsett til nynorsk av Øystein Vidnes og kom ut på Skald Forlag hausten 2016. Den er ein av fleire klassikarar som skal omsetjast til nynorsk på dette forlaget. I tillegg til Frankenstein er Forvandlinga og andre forteljingar av Franz Kafka (og omsett av Jon Fosse) komen ut, og i 2017 kjem to romanar: Robert Müsil: Tre kvinner og Gustave Flaubert: Madame Bovary, og novellesamlinga Dei døde av James Joyce. Det er viktig at ein får omsett sentrale verk frå verdslitteraturen til nynorsk, og denne serien står i ein sterk nynorsk omsetjartradisjon.

I romanen Frankenstein vert vi kjende med legen og vitskapsmannen Victor Frankenstein som bestemmer seg for at han skal overliste døden og skape evig liv. Men som vi veit: det går ikkje særleg bra. Frankenstein skapar nytt liv, men det er eit liv som er dømt til å mislukkast. Han lagar eit monster ved hjelp av kroppsdeler frå døde menneske. Som vitskapsmann bryt Frankenstein ei rekke moralske og etiske reglar, og då han ser monsteret, opplever han ei sterk gru over sitt eige skaparverk. Monsteret er identitetslaust og heidensk, noko som vert understreka ved at det aldri får namn. Det er redusert til reversert død og makabert liv. Likevel: Det er eit liv, og tragedien er at monsteret vert jakta på og derfor isolert – og han haustar erfaringar frå eit samfunn som avviser han og fryktar han.

Vekslinga av synsvinklar gjer historia rikare, og understrekar tragedien. Monsteret er framstilt som kultivert. Han lærer seg å lese og vert kjend med verdslitteraturen, blant anna Unge Werthers lidingar (Goethe), Det tapte paradiset (Milton)og Livsskildringar (Plutark). Han får innsyn i korleis samfunnet fungerer, «dei ulike imperia som finst i verda i dag, det gav meg innsikt i skikkane, styreformene og religionane til dei ulike nasjonane i verda (…)», og han reflekterer og undrar seg over det han les i ulike bøker: «Desse vedunderlege forteljingane fylte meg med motstridande kjensler. Var mennesket så mektig, så fylt av gode eigenskapar og likevel på same tid så vondskapsfullt og usselt? (…) I lang tid kunne eg ikkje skjøne korleis ein mann kunne drepe eit anna menneske (…) men når eg høyrde detaljar om vondskap og mord, forsvann undringa mi, og eg snudde meg vekk i vemming og avsky».

Gjennom å observere ein fattig familie får han også innsikt i kor viktig familien er som institusjon, og kor viktig kjærleik og tilhøyrsle er for menneska. Monsteret er djupt menneskeleg og lengtar etter det han ikkje kan få, og det gjer livet hans tragisk og meiningslaust. Den bitre erkjenninga av å kjenne seg annleis fører til eit hemntokt og ei rad grufulle og makabre handlingar, der monsteret sjølv vert ein drapsmann, ein av dei han tidlegare avskydde. Monsteret drep familien til Frankenstein systematisk og utspekulert, og resultatet vert at Frankenstein vert like einsam som monsteret han har skapt: «(…) eg såg på han nesten som min eigen vampyr, mi eiga sjel som hadde stige opp frå grava og var tvinga til å øydelegge alt som var meg kjært».

Det er ein god grunn til at utdrag av denne romanen har vore i læreverk for vidaregåande i mange tiår. Tematikken er tidlaus. Vitskap har vist seg å vere ei velsigning og ei forbanning, og det finst nok av døme på at menneska utfordrar moral og etikk utan alltid å tenkje på konsekvensane. Romanen er spennande i forma, og brukar rammeforteljing, brev, tilbakeblikk, ulike synsvinklar og andre forteljartekniske verkemiddel som skapar dynamikk i forteljinga. Sjangermessig kan ein argumentere for at romanen både er ein psykologisk danningsroman, ei kriminalhistorie, ein samfunnskritikk, ein gotisk roman, ei kjærleikshistorie, ein moralsk eksempelforteljing og den første sciencefiction-forteljinga. Forfattaren sjølv hevda at ho først og fremst hadde underhaldning i tankane då ho skreiv romanen: «Korleis det som måtte finnast av moralske tendensar i tankane og personane i verket, vil påverke lesaren, er eg på ingen måte likeglad med. Likevel har eg først og fremst vore oppteken av å unngå å vere trøyttande, som så mange romanar er i dag.»

Omsetjinga til Vidnes er basert på originalutgåva frå 1818. Omsetjaren har gjort ein god jobb, både ordval og syntaks gjer romanen lettlesen, og han har også skrive eit interessant etterord om livet til forfattaren.

Eg kan absolutt tilrå denne nynorske omsetjinga for elevar som vil lese heile romanen.

Utdrag frå boka: