Erna Osland: Gullfalken. Ni nye eventyr

gullfalkenGullfalken. Ni nye eventyr av Erna Osland er ei samling med ni tidlause forteljingar frå heile verda. Dyr og element frå naturen utgjer bakteppe i historiene, og heltane er barn og ungdomar som ved hjelp av vennskap og omsorg kjem sigrande ut av konfliktane som oppstår.

Boka er full av farlege og spanande hendingar der både liv og helse blir sett på prøve. Namna på figurane, omgjevnadane, illustrasjonane og fargebruken gir ei noko framand og eksotisk stemning.

Vi finn mange referansar til vår eiga tid, og forteljingane kan tolkast på fleire nivå, som til dømes i «Guten som plutseleg kunne alt». Her møter vi guten som kjem til eit land han aldri har vore i:

Det var den siste dagen i året, han kom heilt aleine, og han hadde ingen stad å bu. Da det lei mot natt, kraup han inn-under ei trapp. Ei avis var alt han hadde å varme seg på. Han sovna fort. Han var trøytt, for han hadde gått i fleire veker. Dei første dagane hadde han gått fort fordi han var så redd. Deretter hadde han gått sakte, fordi han plutseleg kom på at han ikkje visste kvar han skulle. No var han endeleg kommen til eit fredeleg land.

Vi møter òg prinsen av Halvmånelandet som aldri får vere aleine, vismannen som ikkje får sove og jenta som flyttar eit fjell. Erna Osland gir oss ei god blanding fablar, eventyr og mektige forteljingar, med vakre illustrasjonar av Inger Sandved Anfinsen.

Utdrag frå boka: