Joan G. Robinson: Marnie – mi hemmelege vennine

marnieMarnie – mi hemmelege vennine er ei gripande forteljing om vennskapet mellom fosterbarnet Anna og den noko mystiske Marnie.

Boka vart publisert i 1967 og vart gitt ut som film av det verdskjente animasjonsselskapet Studio Ghibli i 2015. Både bok og film har mottatt gode omtalar og viser ei klassisk og tidlaus historie om familie, vennskap og einsemd.

Anna er foreldrelaus og bur hjå fostermora fru Preston. Ho kjenner seg utilpass og har ikkje mange venner. Fru Preston bestemmer seg for å sende ho på sommarferie til fru Pegg og ektemannen, som bur i landlege omgivnadar ved sjøen. Her oppheld Anna seg mykje aleine mellom sanddynene på stranda, til ho ein dag møter Marnie.

Ho såg opp. Ovanfor henne stod det ei jente på noko som ho no såg var trappesteg i sjølve muren. Det var den same jenta som ho hadde sett før. Ho hadde på seg ein sid, tynn kjole, og det lyse håret fløymde nedover akslene hennar da ho bøygde seg framover og såg nedi båten.
«Er det bra med deg?» kviskra ho.
«Ja,» sa Anna med den vanlege stemma si.
«Hysj!» Jenta sette ein finger for munnen. «Ikkje la nokon høyre deg. Kan du stige ut?»
Anna steig ut. Jenta knytte tauet fast i ein jarnring i muren, og dei stod øvst i trappestega og såg på kvarandre i halvlyset. Dette er ein draum, tenkte Anna. Eg berre tenkjer meg henne, så det gjer ikkje noko at eg ikkje seier noko. Og ho stirte som ho såg eit spøkjelse. Men den framande jenta såg på henne på den same måten.
«Er du verkeleg?» kviskra Anna til slutt.
«Ja, er du?»

Dei to jentene blir raskt gode venner, og Anna blir oppslukt av vennskapet heilt til Marnie plutseleg ein dag er borte.

Huset der Marnie budde, ser gammalt og forlate ut, og så flyttar familien Lindsay inn. Anna blir kjend med borna i familien og ho lærer etter kvart meir om Marnie. Men framleis har ho mange spørsmål. Kven var denne jenta? Og var Marnie i det heile tatt verkeleg?

Utdrag frå boka:

Sjå traileren til animasjonsfilmen: