Aina Basso: Heksejakt og heksebrenning i Europa

heksejaktKva er sator-rotas-formelen? Kvifor begynte James 6. å interessere seg for hekser og heksejakt? Kva er diabolisme og signeri? Kvifor var mange redde for trollkatten? Og kven var trollungane på Vardøhus festning?

Aina Basso er utdanna historikar og har skrive om hekser før, i romanen Inn i elden (2012). Heksejakt og heksebrenning i Europa er den første sakprosaboka hennar. Ho startar med å skrive om kanskje dei mest kjende trollmennene og heksene i vår tid, Harry Potter, Hermine og Ronny, rektor Humlesnurr og den vonde Lord Voldemort. Med dette som utgangspunkt går ho tilbake i tid, til då folk verkeleg trudde på hekser i Europa.

Aina Basso skriv underhaldande om kjente (Jeanne d’Arc) og mindre kjente hekser (Merga Bien). Mange av dei norske heksene vert også presenterte, alt frå skuldingane mot dei, til torturmetodar og kor mykje avrettinga kosta i dalar. Ho fortel at i dei fleste land var det kvinner som vart skulda for hekseri. Ho skriv at det var lettare å ta kvinner fordi dei hadde lågare status enn menn, og fordi enkelte hata kvinnene. «Ei kvinne fekk ikkje gjere som ho ville. Ho fekk ikkje arve garden etter far sin sjølv om ho var eldst. Ho fekk ikkje bestemme over sine eigne pengar (…) Vi kan lure på korfor nokre menn har vore så ivrige etter å undertrykke kvinner. Var dei sinte på kvinner av ein eller annan grunn? Eller redde for at kvinnene skulle få makt? Handla det om eit hat mot kvinner? Korfor?» (78,79). Basso let spørsmåla stå opne, og skapar slik ein dialog med lesaren. Det er også eit godt grep at Basso skildrar enkelte av kvinnene og barna som vart skulda for å vere hekser, for slik vert hekseprosessane eksemplifiserte i enkeltskjebnar og ein får ein sterk sympati med dei som opplevde slike skuldingar og levde i ei så brutal tid.

Forfattaren trekkjer også parallellar til vår samtid når ho skriv at undertrykking av kvinner også finst i vår tid, og i vårt land. Blant anna reflekterer ho over at det først vart lovleg i 1990 for kronprinsesser å arve tittelen som monark, og at Martha Louise dermed ikkje vert dronning av Noreg, sjølv om ho er eldst.

Basso får også fram samanhengen mellom religiøs fanatisme, undertrykking, og korleis ein kan spele på frykt for å finne støtte i befolkninga. Her kan ein tenkje på den politiske polariseringa mange stader i verda, og tendensane til å gi heile folkegrupper eller religionar skuld i at samfunn ikkje fungerer så godt som ein skulle ønske. Døme på dette finn vi både i og utanfor Europa. Forfattaren har også eit tydleg feministisk perspektiv når ho skriv om korleis kvinner ofte vert utsett for dei verste overgrep, som steining av valdtatte kvinner i Somalia og syreangrep på kvinner i India og Bangladesh.

Aina Basso viser stor fagkunnskap om temaet. Blant anna får vi vite at hekseprosessane starta i 1430-åra i Sveits, og at dei tok seg opp etter ein meir roleg periode på slutten av 1500-talet og utover på 1600-talet. Vi får også høyre om historiske periodar som vi kanskje ikkje brukar så mykje tid på i skulen i dag, som reformasjonen og motreformasjonen, om småstatane i notidas Tyskland der det var flest hekseprosessar i Europa og om Merga Bien som vart brent som heks i Fulda, fordi ho bar djevelens barn i magen. Vi kan lese om bøker som omhandla demonologi, som «Heksehammaren» og «Om demon-magien til heksene» av franskmannen Jean Bodin, og vi får høyre utdrag frå Svarteboka. Vi får vite at hekseforfølginga er knytt til stadnamn som Hekla (Island), Hornelen (Nordfjord) eller Bloksbjerg (Danmark).

Denne boka er hovudsakleg skriven for barn frå 9 år til 13 år, men eg tenkjer at niåringar kanskje er litt for unge til denne boka, men at ho passar for barn som går på dei siste stega på barneskulen og på ungdomskulen.

Utdrag frå boka: