Frode Grytten: Menn som ingen treng

menn_som_ingen_trengMenn som ingen treng er ei novellesamling av Frode Grytten som vart utgjeven hausten 2016. Tittelen på samlinga peikar på ein felles tematikk i alle tekstane, nemleg menn som kjenner seg utilstrekkelege, unyttige, avviste, mislukka og utnytta.

Vi får høyre om fedrar som drikk for mykje, som slår, og om fedrar som utnyttar sønene til å utføre kriminelle handlingar. Det er dei problematiske forholda som vert viste fram, korleis mødrer eller barn vert offer for mennene og protesterer mot dei på ulikt vis. Mora i den første novella får seg kjærast som ho ublygt tek med heim, køyrer bilturar med og viser fram for nabolaget. Protesten mot livet ho lever, vert tydeleg særleg sidan handlinga er lagd til året 1974. Syttitalet er som vi veit tiåret for kvinnekamp og lausriving frå tradisjonelle kjønnsroller. Mora tek grep om eige liv, og gjer opprør mot den ofte underkua husmora frå 50- og tidleg 60-talet. Sonen forstår ikkje korleis mora kan gjere dette, men han skjønar også at forholdet til faren er dårleg fordi faren drikk og slår, og har psykopatiske trekk når han er heime frå sjøen. Sonen kjenner seg utrygg i sitt eige forhold til ei jente som verken seier at ho treng han eller vil vere i eit fast forhold med han. Kvinnene vert sterkare i novella, noko som resulterer i at mennene vert usikre og desperate. Den siste setninga ber dommedagsmørket i seg: «Eg visste den gongen ingenting om kor ille dette kom til å ende».

I ei anna novelle møter vi ein far og ein son som er polske kriminelle. Dei lever av forsikringssvindel, blant anna å stele bilar som dei køyrer til Bulgaria, eller av å kræsje bilar på vegane i Noreg. Det er faren som driv sonen inn i den kriminelle verksemda, og som tek minimal risiko sidan det alltid er sonen som må utføre bilkræsja. Faren vert skildra som eit offer av kommunismens fall, og som eit usjølvstendig og egoistisk barn. Sonen er i sin tur offer for faren, og endar til slutt opp på sjukehus etter ei alvorleg bilulukke, som på finurleg vis kan verte redninga hans.

Oppgjer med fedrar går att i fleire av novellene: Vi les om sonen som i sin iver etter å avsløre faren sprayar «horehus» på hustaket, og etter kvart også skriv på vegane slik at det skal verte tydeleg for både naboar og politi kva faren held på med.

Personportretta i novellene er gode, særleg likte eg vektaren Harry, som i starten er ein eindimensjonal dritsekk. Og sjølv om han ikkje nødvendigvis har vorte lettare å like på slutten av forteljinga, så vert nyansane fleire og ein ser at han er ein meir samansett person. Grytten er ein meister til å skape personar som gjer inntrykk og som ein hugsar i lang tid etter å ha lese teksten.

Fleire av tekstane grip tak i dyster tematikk som drap på homofile eller massemord – utført av menn som ingen treng, menn som hatar og trur dei gjer samfunnet ei teneste ved å drepe andre. Den mørkaste novella er Finnmark, som er ei Wild-at-Heart-historie, der eit ungt forelska par er på rømmen. Dei bryt seg inn i luksushytter, men vert oppdaga og tek livet av ein person. Valden eskalerer og guten dreg ut på sin eigen valdsorgie og drep immigrantar som har sykla til Noreg via Russland. Den kalde likvideringa er ubehageleg og rå, og driftene i hovudpersonen viser seg først og fremst i samband med vald eller sex, og eit totalt fråvær av samvit.

Enkelte av novellene i denne novellesamlinga kan fungere godt for elevar i vidaregåande, til dømes «1974», «Andersen, Anders», «Kokepunkt» eller «Finnmark». Dei fleste novellene er lange, men tematikken dei tek opp, kan føre til mange gode diskusjonar om etikk og ansvar, haldningar, familietilhøve og mykje meir.

Menn som ingen treng kan lett verte farlege både for seg sjølv og andre. Det gjer denne novellesamlinga interessant, men også urovekkande.

Utdrag frå boka: