Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Synnøve Macody Lund: Personar du kanskje kjenner

Dette er ei bok med mange samanvovne historier. Den viktigaste handlar om Synnøve og faren hennar. Ho skal skrive bok om han, men synest det er vanskeleg.

I staden diktar ho historier om personar du kanskje kjenner: Mari skriv semesteroppgåve og forelskar seg i rettleiaren. Anna prøver å sortere livet på nytt som skild deltidsmamma. Live famlar etter balanse i samlivet med Eva. Eskild er ein mann med få skruplar i jakta på neste ligg.

Boka er skriven som ein film, der forteljaren hoppar inn og ut av historia. Delar av boka handlar om forfattaren sitt eige liv, medan andre delar er oppdikta. Nokre gonger er det tydeleg kva som er fakta og fiksjon, andre gonger er det flytande.

Boka er spekka av hint og dobbelttydingar, både i namna på karakterane og i handlinga. Til dømes finst der ein stadig tilbakevendande referanse til romanen Orlando av Virginia Wolf, der hovudpersonen Orlando skiftar kjønn frå mann til dame. I Personar du kanskje kjenner skriv Mari oppgåve om romanen, medan det etter kvart vert tydeleg at tvillingparet i historia er Orlando.

Personar du kanskje kjenner passar best for den trena lesaren, som kan fange opp det som står mellom linjene.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

ungdomsbøker
krim
dikt
unge vaksne