Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Nina Skauge: Tigergjengen

Skauge forlag 2017

Bøkene om Tigergjengen er spennande lettlesbøker for vaksne og ungdommar med lærevanskar. Nina Skauge har sett behovet for tilrettelagde bøker med enkel tekst, mange illustrasjonar og spennande historier. Dei fem nyaste bøkene i serien er å finne både i nynorsk- og bokmålsutgåve.

Det er mange omsyn som må takast når ein skriv for vaksne og ungdommar med lærevanskar eller moderat utviklingshemming. Mellom anna er det viktig med store og tydelege illustrasjonar. I eit intervju med Framtida.no seier Skauge at store illustrasjonar gjev tolkingshjelp til lesesvake og ikkje-tekst-lesande.

Språket i bøkene ligg nær det munnlege, og tematikken handlar om kvardagslege gjeremål og hendingar som vennene i bufellesskapet opplever. Tigergjengen-bøkene er vel verde å sjekke ut dersom du er lærar i ungdomsskule og vidaregåande skule og har elevar som treng tilrettelagde bøker.

Tigergjengen-bøker på nynorsk:
Bok 13: Gjengen dreg til Nord-Noreg
Bok 14: Eg hatar pengar
Bok 15: June – heilt sjef
Bok 16: Kjærleik og sjalusi
Bok 17: Ein farleg sms

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker