Anna R. Folkestad: Besta og Bo. Plommeproblem

Plommeproblem er den tredje forteljinga om Besta og Bo, og no handlar det om å kle seg ut. Besten og Bo har kostyma klare, men Besta lurer veldig på kva ho vil kle seg ut som. Til slutt landar ho på at ho vil vere eit plommetre! Ho leitar fram brune og grøne klede, og saman med Bo går ho ut for å plukke plommer. Men som i dei andre forteljingane om Besta og Bo skjer ikkje alt som venta. I treet heng det nemleg eit vepsebol med nokre svært hissige innbyggjarar. Her er det best å søkje dekning. Korleis går det då med utkledningsfesten, skal tru?

Plommeproblem er på nivå 1 i Leseland-serien til Samlaget, og eignar seg godt for barn som akkurat har begynt å lære å lese. Dei humoristiske illustrasjonane er direkte kopla til teksten, og det er berre ei eller to korte setningar på kvar side. Meir røynde lesarar kjem raskt gjennom boka, men vil ha like stor glede av dei festlege bileta og den artige historia.

Utdrag frå boka: