Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Pia Strømstad og Flu Hartberg: Do

Å bæsje er noko alle gjer. Far din, mor di, kongen og dronninga, til og med kjendisar! Men sjølv om alle gjer det, er det noko mange av oss tykkjer er pinleg å innrømme.

Men har du eigentleg tenkt på kvar dei gjorde av bæsjen i gamle dagar, før vassklosettet blei funne opp? Eller kva dei gjer med tisset i land der dei ikkje har nok reint vatn? Kva gjer du eigentleg viss du må bæsje på ein ubåt, i eit jagarfly eller på ein internasjonal romstasjon? Alt dette og mykje meir forklarar Pia Strømstad i faktaboka Do.

Dette er ei bok med mykje humor, og Strømstad er ikkje redd for å setje ord og bilete på det mange av oss helst unngår å snakke om. Her får lesaren innblikk i vassklosettet sine utfordringar, den revolusjonære utviklinga gjennom tidene, utrulege løysningar og ekstravagante variantar. Teksta er fint pakka inn med store og små illustrasjonar, innslag av teikneseriar og faktaboksar.

Boka er òg ein tankevekkjar når Strømstad set mennesket sine do-vanar i samanheng med miljø- og samfunnsutfordringar. Med over 7 milliardar menneske i verda er dette ein reell problematikk på lik linje med handtering av anna avfall.

Likevel er det tydeleg at Do er ei bok der innhaldet er retta mot barn og unge – midt i blinken for dei med ein dash bæsje-humor. Kanskje finst det nokre av dei i eldre generasjonar òg?

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12