Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Stina L. Ørdal: Dagen utanfor

Utanfor er dagen lik den i går. Det kan sjå ut som ein heilt vanleg dag.
Det er heilt vanleg vêr. Bilar køyrer på vegen i heilt vanleg fart.
Lund hentar avisa som vanleg i pysjen. Boss må ut å tisse som vanleg.
Som vanleg må Jon gå med han. Han bjeffar mot huset til Lund i dag også.
Det er skuledag i dag. Jon ser at dei andre barna går til skulen som vanleg.
I stova heng det fine klede.
Det er ikkje 17.mai.

Dagen utanfor er ei forteljing om sorg, om ei daud humle som gir trøyst, og om dagar der livet er litt vanskeleg.

Jon har mista farfaren sin. Det er tungt, og det er vanskeleg å forstå kvifor verda utanfor fortset som vanleg, som om ingenting har hendt.

Ørdal fortel historia frå Jon sin ståstad og lyftar fram dei mange kjenslene og spørsmåla barn har i møte med døden. Tekst og bilete er i fin harmoni og utfyller kvarandre. Bruken av fargar er gjennomtenkt. Ørdal nyttar til dømes ingen fargar i bileta som syner gravferda. Dette gir eit forsterka inntrykk av sorg og makteslausheit. Likeeins signaliserer dei påfølgjande oppslaga håp med fargerikt innhald. Dette er symbolikk som barn kan kjenne seg att i, og fungerer fint som støttande element for dei vaksne når dei samtalar om tema som død og sorg.

Dagen utanfor tek opp vanskelege tema på eit poetisk vis utan å verte for sentimental. Det er lite tekst, og forteljarrolla til bileta er stor. Bileta dannar soleis eit godt utgangspunkt for barn når dei les boka.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
3–6
6–9
Frost
3–6