Astrid Sverresdotter Dypvik: Berlinhistorier. Kald krig i den delte byen

I den nye boka til Astrid Sverresdotter Dypvik får vi nye historier om livet i DDR, men denne gongen er det enkeltskjebnar i Berlin ho skriv om.

Vi møter barna i Sachsenshausen, som vert skildra gjennom forteljinga til Sacha, Alexander Latotzky. Sachsenhausen som vart brukt som konsentrasjonsleir under andre verdskrig, vart under den kalde krigen ein straffeleir for fangar, som var plasserte der utan dom. Dei fleste visste ikkje kor lenge dei måtte vere der. Sacha kom då han var to månader. Etter kvart vart han tatt frå mora og send til ein barneheim. Anton Makarenko var den populære pedagogen på denne tida, og hadde sterk vekt på at kollektivet kunne utføre straff for å disiplinere barna:

«Ein kveld var det Alexander sin tur. Alle ungane var samla i matsalen. Alexander sto i midten. Dei andre stod i ein ring rundt han. Oppdragaren, den vaksne, stod ved døra. Så gav han signalet. Ungane kasta seg over Alexander. Dei sparka, slo, klorte. (…) Ungane gav seg ikkje før oppdragaren signaliserte at dei skulle slutte. Då trekte dei seg unna. (…) Alexander var åtte år og hadde prøvd å rømme frå barneheimen.»

Vi får høyre historia om Raude-Hilde, som starta sitt politiske liv som dei undertrykte sin forsvarar og enda opp i toppstilling i ein autoritær stat. Hilde Benjamin mista den jødiske ektemannen i konsentrasjonsleir i 1942, og då nazismen vart knust, vart ho ikkje lenger forfølgd i den nye kommunistiske staten. Ho vart derimot ein framståande dommar, som fekk ord på seg for å vere nådelaus, særleg då ho dømte to tidlegare agentar til døden. I ein vaklande kommunistisk stat kunne ytre fiendar verke samlande for folket. Seinare vart ho justisminister.

Eller Hartmut Richer som vart menneskesmuglar og transporterte heile 33 personar i løpet av tre år frå Aust-Berlin til Vest-Berlin. Den siste gongen, med systera og kjærasten i bagasjerommet, gjekk det gale, og Richer hamna i fengsel. Det same gjorde dei to i bagasjerommet. Richer fekk 5 år, og vende seinare tilbake til Vest-Berlin. Men åra i fengsel hadde sett sitt preg på han: «Han merka snart at han ikkje tolte å vere saman med folk. Han vart svimmel av alt snakket deira. Lukta av sveitte kroppar og parfyme gjorde han kvalm.» Sidan han hadde tatt i mot pengar for smuglinga, vart han sett på som ein krigsprofitør, ikkje ein idealist.

Dei mange personportretta gir eit interessant og mangslunge bilde av menneska som budde på kvar si side av Berlinmuren, og korleis kommunismen på ulike måtar påverka livet deira. Faren til Nicole Glocke var agent for DDR, sjølv om han levde eit besteborgarleg liv i Vest-Berlin og var medlem i det konservative partiet: «Arrestasjonen delte Nicoles liv i to. Etterpå var ingenting det same. Nicole nekta å besøke faren i fengselet.» Dypvik viser at familiane gong etter gong vert offer for enkeltindivid sine politiske overtydingar og val.

Fleire av emna i boka er aktuelle i vår tid, blant anna temaet terrorisme som Dypvik skriv om i fleire kapittel. Ho har intervjua både Bummi Baumann og Karl Heinz Dellwo, begge kjende tyske terroristar på 1970- og 1980-talet. Baumann forklarer «overgangen frå bråkmakar til terrorist med ei gjennomgripande kjensle av framandheit og avsky mot alt det han såg rundt seg». Ei forakt for systemet kunne vere ein årsak til terrorisme, ein annan var at nokre av terroristane vart mytiske figurar som nærmast fekk sine eigne tilhengarar. Dypvik skriv at både Andreas Baader, Gudrun Ensslin og Ulrike Meinhof hadde ein status som kan minne om rockestjerner. Men Karl-Heinz Dellwo meiner ikkje at han var ein del av denne dyrkinga: «Eg kjende kampen deira, aksjonane deira og meiningane deira. Og eg hadde lese det dei skreiv. Dei låg mange hakk framfor meg politisk. Eg tenkte på dei som kameratar.»

Slik får Dypvik vist at det kan vere mange årsaker til politisk radikalisering. Noko anna som er interessant, er at mange som var politiske offer for systemet, likevel klarte seg. Vi høyrer om kunstnarparet Freya og Stephan som måtte leve av kollekten i kyrkjene, sidan kyrkjene ikkje fekk selje billettar. Kyrkjene fekk ei sentral rolle som møteplassar for opposisjon, og dei arrangerte forbønn for fengsla aktivistar. Dypvik gir eit nyansert bilde av ulike skjebnar i den delte byen Berlin under den kalde krigen. Boka kan lesast i sin heilskap, og er velskriven og fascinerande og skremmande på ein gong. I skulesamanheng kan ein lese eit kapittel som kan vere utgangspunkt for diskusjon om radikalisering, diktatur, undertrykking, kommunisme eller andre tema.

Utdrag frå boka: