Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Kristian Fjellanger og Jenny Jordahl: Samir og den lange reisa

I boka Samir og den lange reisa møter vi Samir, mor til Samir og veslesøstera. Faren til Samir blir arrestert i heimlandet Afghanistan, og resten av familien blir nøydde til å flykte. Ferda er lang og farleg, men til slutt endar familien opp på mottak i Noreg. Her får Samir ta til på skulen. Det er første skuledag for den vesle guten, og han nervøs og spent. Det er ikkje lett å vere ny i klassen i eit nytt land, og i nye, ukjende omgjevnader. Heldigvis møter Samir Synne. Ho tek mot til seg og pratar til Samir ved hjelp av ein lærar. Dei set seg på kvar si disse, og Samir fortel Synne om den lange ferda frå Afghanistan til Noreg. Synne tykkjer forteljinga til Samir er svært spennande, og ho kan førestille seg kor redd han må ha vore. Synne og Samir blir raskt gode vener.

Men ein dag, når Samir kjem heim frå skulen, står mor hans og græt. Mottaksleiaren er der òg. Dei har fått avslag og må reise tilbake til heimlandet og ei uviss framtid.

Forfattarane Kristian Fjellanger og Jenny Jordahl har valt å lage to ulike endingar i forteljinga om Samir og den lange reisa. Endinga lesaren får presenterert først, er versjonen der Samir og familien får nei. Den andre versjonen viser at dei får ja til opphald. Samir og familien kan dermed bli i Noreg, og Samir får fortsette på skulen. Dei blir busette i eige hus og får høve til å byggje seg eit liv her i landet. På slutten av boka vender forfattarane seg direkte til lesaren og fortel litt om det å vere på flukt.

Samir og den lange reisa er ei sterk forteljing om dramatiske hendingar, farlege situasjonar og urett. Men det er òg ei historie om håp og venskap. Dette er ei bok som tek fram eit vanskeleg tema på ein måte som er tilpassa unge lesarar. Den vaksne lesaren vil nok sjå og forstå det politiske bakteppet og konsekvensar av ulike avgjerder i mykje større grad enn målgruppa, som gjennom val av ord og bilete er noko skjerma frå dei mest brutale realitetane. Boka er soleis ein høveleg innfallsport som opnar for at barn og unge får delta i denne aktuelle debatten.

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
9–12
9–12
9–12