Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ingunn Røyset: Brevet frå krigen

Opplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Brevet frå krigen – tofagleg opplegg for 5.–7. trinn i faga norsk og samfunnsfag.
Bok på 1-2-3: Brevet frå krigen – tofagleg opplegg for 8.–10. trinn i faga norsk og samfunnsfag.

Eg visste ikkje kva krig var. Ikkje før bombeflya kom over huset vårt. Ikkje før soldatar tok skulen vår, og folk vart sette i fengsel. Eg kunne ikkje lenger stole på nokon, ikkje på naboen, ikkje på onkelen min, og ikkje på veninna mi. Den dagen tyskarane kom, forstod eg kva krig var. Då forstod eg at alle kan døy. Eg også.

Brevet frå krigen er ei bok om korleis det er å vekse opp under andre verdskrig, og om livet i Noreg og viktige hendingar i krigsåra. Boka er røtt i opplevingane til Jorun E. Waage som var 12 år då tyske soldatar tok over Noreg den 9. april 1940. Forteljingane er baserte på samtalar med Jorun, hennar private brev og bilete, samt ei innhaldsrik samling av historiske kjelder og biletmateriale.

Jorun vaks opp på Lindøya saman med mor, far, søster og bror. Frå heimen hadde dei utsikt til Oslo sentrum. Her var Jorun og familien vitne til tyske flyangrep og bombinga av Gestapohovudkvarteret Victoria terrasse. Jorun såg skipet DS Donau som frakta norske jødar til tyske konsentrasjonsleirar, og hadde skulevegen sin forbi fengselet i Nummer 19. Ho fortel om dramatiske hendingar, redselen kring det å ikkje vite, tap og sorg. Men boka byr òg på fine historier om venskap og håp, samt eit verdifullt og nært innblikk i kvardagen. At lesaren får presentert historia frå eit barns perspektiv, er eit mektig verkemiddel, og historia kjennest på kroppen. Lesaren ser òg gjerne samanhengar som forteljaren ikkje forstod eller vart skjerma for på tidspunktet hendingane utfolda seg.

Det har no gått over 70 år sidan Noreg opplevde krig og okkupasjon på eiga jord, og Brevet frå krigen lèt nye generasjonar bli kjende med denne dramatiske og avgjerande tida i norsk historie. Boka er interessant og fengjande lesing og kan fint nyttast i undervisingssamanheng i både norsk og samfunnsfag. Det historiske materialet dannar utgangspunkt for faglege samtalar, og mykje kan sjåast i samanheng med aktuelle stoder og hendingar i dagens samfunn.

Brevet frå krigen er rikt illustrert med innslag av faktaboksar og illustrasjonar på kvart oppslag. Språket er enkelt med eit rikt innhald. Mot slutten av boka får vi møte Jorun som ho er i dag, når ho og forfattaren tek turen ut til Lindøya. Heilt bakarst i boka vil du finne eit register med nyttige ord og omgrep.

Utdrag frå boka

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
ungdomsbøker