Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Katrine Sele: Jølster hotell. Historier frå eit asylmottak

Dei reiste ifrå liva sine. Dei reiste ifrå mødrer og fedrar, ektefellar, kjærastar, barn. Ikkje alle visste om dei ville sjå sine kjære att. Dei reiste ifrå eit hus i Daraa, eit hus i Aleppo, farens villa i Raqqa, ei stråhytte på landsbygda nær Jijiga, ei leiligheit delt med broren i Damaskus, moras hus i Khartoum. Ei tid var dei alle på asylmottaket i gamle Jølster hotell: Bassel, Hayat, Malik, Milka, Moayad, Najma, Shaban, Tblets og Yamen. Detter er historia deira.

Jølster hotell er eit ærverdig og vakkert bygg frå 1880-talet, posisjonert i det som tidlegare var eit sentralt knutepunkt for reisande og del av den trondhjemske postvegen. I dag er bygget nedslite, men det imponerer stadig forbifarande og lokale med sitt sveitserstilistiske uttrykk og ein fasade full av utførlege utskjeringar. Å drive bygget som hotell vart dei siste åra nærmast ei byrde for eigarane, og i 2010 vart hotellet mottak. Sidan har bygget husa om lag 100 asylsøkjarar.

Forfattar Katrine Sele, som bur i Jølster, oppsøkjer asylmottaket og blir kjend med bebuarane og historiene deira. Resultatet er ei sterk bok full av gripande forteljingar, informasjon om flyktningpolitikken i Noreg og ikkje minst eit innblikk i kvardagen til desse personane, som alle ventar.

Dei ventar på vedtak, dei ventar på at klager skal bli behandla, dei ventar på familiemedlemmar og dei ventar på at livet skal ta til. Sele klarar å skildre livet og omgjevnadane på mottaket på ein måte som treffer lesaren midt i hjartet. Det er hjarteskjerande lesing, men med eit innhald som òg viser oss håp, ufatteleg mot, kjærleik og venskap.

Denne lesaren klarte ikkje å legge boka frå seg. Jølster hotell. Historier frå eit asylmottak er ei kjærkomen bok som belyser eit relevant tema, og er ei viktig og nær påminning for oss alle om medmenneske som er råka av krig og flyktningsituasjonen.

Utdrag frå boka
https://issuu.com/detnorskesamlaget/docs/j__lster_hotell

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker