Lars Mæhle: Den stille flokken

Den stille flokken er den tredje krimboka i serien der psykolog og kampsportsutøvar Ina Grieg er hovudperson, men ein kan godt lese denne romanen uavhengig av dei to andre. Dette er både ei spennande krimbok og ei bok som tar opp tilhøva for taterar/dei reisande ved Svanviken arbeidskoloni. Ein pasient blir borte frå psykiatrisk avdeling, og samstundes blir to eldre søstrer funne drepne. Ein journalist kan ikkje gløyme ei tidlegare, uløyst drapssak, og nå er fristen for forelding i ferd med å gå ut. Ina Grieg hadde kontakt med den psykiatriske pasienten som blir kalla Den stumme, for femten år sidan. Når ho og etterforskar Hugo Fannrem begynner å nøste, finn dei trådar tilbake til Svanviken arbeidskoloni. Kven er dei fire som har laga ein hemmeleg avtale om aldri å seie noko?

Svanviken arbeidskoloni på Nordmøre blei oppretta 1908, og målet var at omstreifarar skulle bli fastbuande nordmenn og nyttige samfunnsmedlemmar gjennom hardt arbeid og streng skolegang. Det var eit svært autoritært samfunn, og om ein ikkje lydde, vanka det fysisk og psykisk avstraffing. Vi får vite kor makteslause foreldra har kjent seg, og kor livande redde ungane var. Dei kunne når som helst bli tatt frå foreldra sine. Det var sjølvsagt forbode å snakke romani, og det var ikkje lovleg å forlate leiren utan løyve. Butida i leiren var fem år, men det var få som heldt ut så lenge.

Mæhle er ein god skildrar av dei forferdelege tilhøva som var ved Svanviken, og dei overgrepa den norske staten gjorde seg skuldig i overfor romanifolket. Lars Mæhle har skrive ei viktig bok om eit viktig emne, og han integrerer dette på ein ypparleg måte i ei spennande og engasjerande krimforteljing.

Utdrag frå boka