Atle Hansen: Apetryne

Apetryne er nok ein god, aktuell og lettlesen roman av Atle Hansen. Vi kan ane av tittelen at dette handlar om mobbing. Arne får av og til vere med dei andre, men ofte blir han ikkje invitert. Han er ikkje trygg på om den han var i lag med i går, vil vere saman med han i dag, og trekker seg derfor ofte unna med ei bok. Han tenker at alt kjem til å bli verre om han tar igjen.

Nå har Simon og Ivar invitert han med på telttur. Dei har det kjekt lenge, men så kjem det fleire til teltet. Arne er god til å herme etter apekattar, og gjer det for å få dei andre til å le. Men Ivar har tatt opptak med mobilen og deler filmen med andre, sjølv om han har lova å ikkje gjere det. Dagen etter er det fleire som roper «apetryne» etter Arne. Han klarer ikkje å la vere å bry seg og tenke på kva dei seier om han.

Arne blir med faren på fisking, og han blir med Henrik for å måle båten han har bygd. Då tenker han ikkje på det leie. Ein dag ber til og med storebroren han med på fisking. Tora og Anna skal også vere med, og Arne liker Anna. Anna kjenner Ivar frå før, og seier at han bare kjekkar seg fordi han til vanleg ikkje har nokon å vere saman med. Anna inviterer Arne med på bading på Holmen dagen etter.

Anna seier at Arne ikkje skal bry seg når mange flirer i det han kjem. Han høyrer at nokon seier «apetryne», men ho får han med seg til ein annan del av stranda. Dei badar. Ivar stuper uti og kjem bort til Anna. Då vil Arne på land. Ivar sym under vatn og dreg av han badebuksa. Arne får beskjed om å halde seg unna Anna, og fleire står klare til å filme med mobilane. Det blir verre då Anna sym utover og ikkje ser ut til å bry seg. Ivar kastar badebuksa til han og sym etter Anna.

Arne får på seg badebuksa og legg seg på handkledet. Han ser at Anna og Ivar går på land på ein holme, og han kjenner at det verkar i heile kroppen. Han tenker på Anna. Storebroren kjem og seier at han ikkje må finne seg i det Ivar seier og gjer, for nå er det nok. Broren og ein kamerat sym etter Ivar og dreg av han badebuksa. Men Arne trur ikkje på hemn. Korleis det går, må du lese boka for å finne ut.

Atle Hansen tar opp eit tema som aldri blir utdebattert, og som alltid er aktuelt å lese om. Skildringa av Arne viser kor vanskeleg det er å få vere med den eine dagen og neste dag bli ledd av og vere heilt utanfor. Hansen skriv godt, med enkle setningar og eit enkelt ordforråd, og lettlesne bøker med eit godt innhald har vi verkeleg bruk for.

Utdrag frå boka: