Vegard Markhus: Ei kjedeleg bok

Ei kjedeleg bok kan seiast å vere ei bok litt utanom det vanlege. Det første lesaren møter, er forteljaren som kjem med ei åtvaring: Ikkje les dette! Det er ei kjedeleg bok. Eg skulle ønskje eg var i ei anna bok. Han introduserer seg sjølv som ein misfornøgd gut som helst skulle ønskje han var i ei gøyare bok; ei bok med sklier, monster og mange rare og artige dyr. Han vil rømme frå denne kjedelege boka og finne seg ei anna. Forteljaren er direkte og soleis blir lesaren raskt kjent med både han og handlinga.

Ei kjedeleg bok er ei morosam forteljing om det å ønskje seg noko som ikkje er eller ønskje seg til ein annan stad. Teksta og illustrasjonane utfyller kvarandre og engasjerer. Lesaren blir òg oppfordra til å ta aktivt del i handlinga med utsegner som «No må du lukke augene og telje til tre. Så kan du sjå på neste side».

Ei kjedeleg bok er ei flott bok å nytte til høgtlesing. Markhus formidlar frustrasjonen til forteljaren på ein humoristisk måte, samstundes som han tek utfordringane han møter på alvor. Det er lett å leve seg inn i handlinga, og både barn og vaksne kan kjenne att følelsane kring det å kjede seg. At guten plutseleg forsvinn når vi er komne halvvegs, og alt vi står att med er to tomme sider, var eit mysterium for 4-åringen heime, og vi måtte sjølvsagt ut av sofaen og leite.